Fast eigedom

Advokatane i vår faggruppe for fast eigedom har lang og brei erfaring innan dei fleste problemstillingar som oppstår i tilknyting til fast eigedom. Fast eigedoms rettsforhold har vore eitt av arbeidsområda til Advokatfirmaet Tollefsen sidan firmaet vart etablert, og vi har til ei kvar tid ei rekke pågåande saker innan fagfeltet.

Våre advokatar bistår alle aktørar innan fast eigedom, inkludert grunneigarar, byggherrar, eigedomsutviklarar, rettshavarar og naboar. Vi representerar både privatpersonar, selskap og offentlege myndigheiter. Advokatfirmaet Tollefsen er samarbeidsadvokat med Huseiernes Landsforbund.

Innan fast eigedom har våre advokatar eigne spesialområde. Vi jobbar òg i stor grad i team der det er hensiktsmessig.

Våre advokatar har kontorstad i Førde, Florø og Sogndal, og bistår klientar i heile Sogn og Fjordane.

Tenester

Relatert


Våre eigedomsadvokatar