Plan- og bygningsrett, strandsone


Advokatfirmaet Tollefsen bistår både offentleg mynde, privatpersonar og næringslivsklientar i saker som gjeld plan- og bygningsrett.

Plan- og bygningsretten er eit sentralt rettsområde som både set krav til planlegging ved utbygging og sjølve byggjefasen.

Rettsområdet omhandlar mellom anna spørsmål om korleis ein kan bruke ein eigedom, kva tiltak som er søknadspliktige og kva for krav det offentlege stiller til forskjellige tiltak på ein eigedom.

Plan- og bygningslova gjev dessutan offentleg mynde heimel til å etablere nye privatrettslege rettar dersom det er naudsynt. Til dømes opnar plan- og bygningslova § 27-3 for at plan og bygningsmyndigheitene kan tillate tilknyting til private vatn- og avlaupsanlegg, trass at det ikkje er ynskjeleg frå anleggseigar si side.

Eigarar av strandeigedommar kan også ha behov for juridisk bistand knytt til dei offentlege styremaktene. Sjøeigedommar i den såkalla strandsona er nemleg underlagt eit generelt byggjeforbod i plan og bygningslova. Dei siste åra har det vore fleire rettssaker knytt til kor vidt kommunane har høve til å pålegge riving av eksisterande tiltak i strandsona. Det avgjerande i slike tilfelle er om bygga var lovlege ut frå reglane på oppføringstidspunktet.

Advokatfirmaet Tollefsen bistår mellom anna i saker som gjeld:

  • Rekkefølgjekrav

  • Klager på dispensasjonar eller løyve

  • Rettslege problemstillingar som oppstår i reguleringsfasen

  • Byggjesøknadar

  • Offentlege pålegg

  • Strandsonesaker


Står du ovanfor juridiske problemstillingar knytt til plan og bygningsrett? Kontakt oss i dag for juridisk rådgjeving.

Våre advokatar har kontor i Sogndal, Førde og Florø, og bistår klientar i heile Sogn og Fjordane.

Våre eigedomsadvokatar