Grunnerverv, ekspropriasjon og skjønn

Grunnerverv refererer til prosessen der offentlege styresmakter eller private aktørar kjøper grunn frå eigedomshavarar for å gjennomføre samfunnsnyttige prosjekt, som vegbygging eller anna infrastrukturutvikling.

Grunnerverv kan skje gjennom frivillig avtale.

Ekspropriasjon er ei form for grunnerverv der det offentlege, til dømes kommunen, fylkeskommunen eller staten, tek eigedom med tvang når det er naudsynt for å realisere slike prosjekt, og der eigedomshavaren får ei erstatning.

Dersom det ikkje blir oppnådd ei endeleg avtale mellom grunneigar og det offentlege, vil domstolane måtte ta stilling til erstatninga gjennom eit skjønn.

Som råka part har du fleire rettar. Du har rett til full erstatning for tapet av eigedomen, samt eventuelle utgifter og tap knytt til grunnervervet eller ekspropriasjonen. Vidare har du rett til å få dekka utgifter til juridisk bistand.

Advokatfirmaet Tollefsen har lang erfaring med å sikre at råka partar sine rettar vert ivaretekne, og at du får den erstatninga du har krav på.

  • Bistå i planprosessar før prosjekt blir endeleg vedtekne

  • Bistå i forhandlingar om minnelege løysingar og avtalar

  • Bistå i ekspropriasjonsprosessen

  • Bistå i skjønnsprosess i domstolen

Vi bistår i prosjekt over heile Sogn og Fjordane. Ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale om korleis vi kan hjelpe deg.

Våre eigedomsadvokatar