Eigedomstilhøve og rettar i fast eigedom
Har du hamna i ei konflikt om kven som eig kva, eller kvar grensa går?
Er du usikker på om din vegrett omfattar tilkomst med bil, eller om du har rett til båtopptrekk på annan manns grunn?
Står hytta di på festa grunn, og vil du vite meir om innløysing av festetomt?
Advokatfirmaet Tollefsen bistår deg med alle spørsmål knytt til rettar i fast eigedom.
Både eigedomsrett og andre rettar i fast eigedom kan vere ei kime til konflikt. Særleg spørsmål knytt til bruksrettar, såkalla servituttar, kan skape usikkerheit for dei involverte partane. Det kan både oppstå spørsmål om innhaldet i retten, varigheita av denne og om retten er personleg eller tilhøyrer ein bestemt eigedom.
Usemje kan også vere knytt til korleis ein skal utnytte retten eller om rettens karakter har endra seg i tråd med samfunnsutviklinga. Dømevis kan det oppstå spørsmål om ein rett til tilkomst med hest i dag omfattar ein rett til køyrbar åtkomst.
Eksisterande rettar
Advokatfirmaet Tollefsen bistår også med spørsmål knytt til eksistensen av rettar. Enkelte rettar er skriftleg regulert anten gjennom avtale, eit skøyte eller ei eldre skuldforretning. Ein rett kan også oppstå på andre grunnlag, til dømes gjennom hevd. Hevdslova er eit rettsleg grunnlag for stifting av eigedomsrett eller bruksrett for den som har utøvd sin bruk i tru om at ein slik rett eksisterte. Hevdslova regulerer også kor lenge slik bruk må ha funne stad, noko som varierer avhengig av om bruken viser seg gjennom ei fast tilstelling. Eit døme på ei slikt fast tilstelling kan vere oppføring av ei bryggje på annan manns grunn.
Stifting av nye rettar
Vi kan også bistå med stifting av rettar, til dømes vegrett over annan manns grunn. Dette kan ofte løysast gjennom avtaleregulering. Veglova § 53 opnar også for innpåkjøp på privat veg mot vederlag til vegeigar. For at ein skal få slik vegrett må det vere klart at vegretten er meir til gagn enn til skade. Jordskifteretten kan både treffe vedtak om rett til å bruke eksisterande veg, samt vedtak om eigedomsinngrep til bygging, utbetring, vedlikehald og drift av privat veg.
Som det framgår av skisseringa over er det fleire regelverk regulerer spørsmål om rettar i fast eigedom (såkalla tingsrett). Det kan vere vanskeleg å få oversikt over desse på eiga hand og difor vere ønskjeleg med juridisk bistand.
-
Vi gir råd om kva rettar og plikter ein har etter allemannsretten, inkludert ferdsel, telting, bading og anna friluftsaktivitet. Vi bistår i konfliktar som oppstår mellom grunneigarar og friluftsutøvarar, og hjelper til med å finne løysingar som ivaretek begge partar sine interesser.
Vi gir også grunneigarar råd om korleis dei kan forvalte eigedomane sine i tråd med allemannsretten, og korleis dei kan handtere ulovleg bruk av eigedomane sine. I tillegg tilbyr vi juridisk støtte til friluftsorganisasjonar som ønskjer å sikre og fremje retten til fri ferdsel og naturopplevingar.
-
Bruksrettar gir deg rett til ei avgrensa bruk av ein annan sin eigedom eller hindrar ein bestemt bruk. Eksempel på slike rettar er vegrett, båtfesterett, rett til parkering, fiske, beite og meir.
-
Vi hjelper deg med å avklare eigarforhold til eigedom. Vi utfører også undersøking av dokumentasjon og kartmateriale for å fastsetje kor grensene går. Dette kan vere viktig for å unngå tvistar med naboar og sikre klare eigedomsgrenser.
Dersom det oppstår uenigheiter om grenser eller andre spørsmål knytt til eiendomsrett, kan vi bistå med forhandlingar og eventuell rettsleg prosess.
-
Ved tvistar knytt til gjerdehald kan det vere nyttig å søkje juridisk bistand for å finne ei løysing som tilfredsstiller både deg og naboen din.
Våre tenester inkluderer:
Vurdering av rettane og pliktane i samband med gjerdehold, i tråd med gjeldande lover og reglar.
Konfliktløysing og mekling ved gjerdetvistar mellom naboar, både i og utanfor landbruk.
Representasjon for retten dersom tvisten ikkje kan løysast gjennom forhandlingar.
Våre erfarne advokatar står klare til å hjelpe deg med dine behov innan gjerdehold og gjerdetvistar. Kontakt oss for ein uforpliktande samtale, og la oss finne den beste løysinga for deg og naboen din.
-
Hevd er eit stiftingsgrunnlag for eigedomsrett eller bruksrett til fast eigedom, lausøyre og rettsgilde verdipapir. Det er hevdslova som regulerer hevdsinstituttet og fastsett vilkåra som må vere oppfylt. Lova sett både krav til:
Hevdsperiode
God tru
At ein har utøvd slik råderett som er naturleg for ein eigar eller rettshavar (eksklusiv råderett ved hevd av eigedomsrett)
Hevd av eigedomsrett medfører at den tidlegare eigaren mister sin eigedomsrett. Ved etablering av ein bruksrett mister ikkje eigaren eigedomsretten, men må respektere bruksretten som har oppstått ved hevd.
Føremålet med hevdsreglane er å verne om etablerte rettsforhold. Reelle eigarar og rettshavarar har difor ei særskilt oppmoding til å oppdage bruken og hindre vedkommande i å oppfylle vilkåra for hevd.
Hevdslova har også reglar om bortfall av bruksrettar ved såkalla mothevd og frihevd. Mothevd gjev grunnlag for bortfall av eksisterande bruksrettar dersom nokon brukar tingen på ein måte som avskjer bruken til den eigentlege rettshavaren. Frihevd regulerer bortfall av bruksrettar som rettshavaren ikkje har brukt på lang tid.
Advokatfirmaet Tollefsen kan mellom anna bistå med:
Å vurdere om vilkåra for hevd er oppfylt
Tvistar knytt til innhaldet i ein hevda rett
Saker knytt til bortdfall av rettar ved frihevd og mothev
-
Både jakt, fiske og beiterettar er viktige rettar i utmark. Slike rettar kan tilhøyre ei rekke personar og eksistere på ulike rettslege grunnlag. I enkelte område er opphavet til slike rettar statsallmenningar eller bygdeallmenningar. I desse tilfella er drifta regulert i bygdeallmenningslova og fjellova.
Jakt, fiske og beiterettar kan medføre problemstillingar knytt til eksistensen av og omfanget av rettane.
Advokatfirmaet Tollefsen kan mellom anna bistå med:Å fastslå innhaldet og eksistensen av slike rettar
Rådgjeving i tvistar som gjeld usemje av rettsforholdet til jakt, fiske og beiterettar. Dette omfattar både utanrettsleg bistand og bistand i rettslege prosessar for jordskifteretten og dei ordinære domstolane
-
Kva er løysingsrettar?
Løysingsrett, som til dømes forkjøpsrett, er ein rett som gjev rettshavar førsterett til å overta eller kjøpe ein eigedom eller del av eigedom på et nærare avtalt tidspunkt, til dømes når den blir overført til andre. Desse rettane er regulerte av Lov om løysingsrettar og kan ha ein betydeleg innverknad på eigedomsoverføringar.Eit spesielt aspekt ved løysingsrettar i Noreg er odel- og åsetesretten.
Våre tenester
Advokatfirmaet Tollefsen kan hjelpe deg med etablering av løysingsrettar, identifisering av eksisterande rettar på din eigedom, og gi rettleiing om handtering av desse rettane. Vi kan òg hjelpe med sletting av løysingsrettar ved behov..Våre advokatar har kontor i Sogndal, Førde og Florø, og bistår klientar i heile Sogn og Fjordane.
-
Grunneigarar av eigedommar som grensar til sjø har fleire rettar i sjøen utanfor eigedomsgrensa. Fellesbetegnelsen på desse rettane er strandrett og både utfyllingsrett, rett til lakesfiske og tilkomst med båt er døme på rettar som tilkjem sjøeigedommar.
Strandretten regulerer også sjølve eigedomsretten ut i sjø for strandeigedommar. For kor langt eig ein eigentleg ut i sjøen? Hovudregelen er at grunneigaren eig heilt ut til marbakken dersom ein slik finns. Elles strekk eigedomsretten seg ut til to meters djupne målt ved middels låg vasstand.
Det kan oppstå ulike rettslege problemstillingar i høve strandrett. Ein tvist kan til dømes omhandle rettane sitt omfang eller strandretten sitt forhold til allemannsretten.
-
Tomtefeste er langtidsleige av grunn til hus som festaren (leigaren) har eller får på tomta. Eigaren av tomta blir kalla for bortfestar, medan den som leiger tomta blir omtala som festar.
Rettsområdet blir regulert av lov om tomtefeste. Lova har vore gjenstand for fleire endringar og kan vere uklår og vanskeleg å forstå. I mange tilfelle vil det difor vere behov for juridisk bistand for å få vurdert eiga rettsstilling.
Våre advokatar har lang erfaring og bistår i alle spørsmål knyta til tomtefeste. Dette gjeld mellom anna:
Inngåing av nye og tolking av gamle festekontrakter
Forlenging av festekontrakt
Regulering av festeavgift
Overføring av festerett
Innløysing av festetomt
Faktisk og rettsleg råderett over festetomt
Avvikling av festekontrakt
Vi har kontor i Sogndal, Førde og Florø, og bistår klientar i heile Sogn og Fjordane.
Relatert
-
Dei fleste bustad- og innbuforsikringar inkluderer såkalla rettshjelp. Det inneber at du kan få dekka store deler av kostnadane til advokatbistand dersom du skulle hamne i ein tvist om rettar i fast eigedom. Vi hjelper deg med å undersøke om du har relevant forsikring som dekker tvisten.
Våre advokatar har kontor i Sogndal, Førde og Florø, og bistår klientar i heile Sogn og Fjordane.
Tlf.: 98 86 90 12
hanne.sellevold@advokat-tollefsen.no