Husleigerett
Husleigeretten omhandlar avtaler om bruksrett til husrom mot vederlag. Rettsområdet er regulert av husleigelova som fastslår rettar og pliktar både for utleigar og leigetakar.
Konflikt i husleigeforhold kan oppstå ved inngåing av avtale, undervegs i leigeperioden eller ved avslutning av leigeforholdet.
Typiske problemstillingar som oppstår gjeld tvist om:
Depositum
Manglande betaling av leige
Regulering av leige
Oppseiing eller heving av leigeforholdet
Skader på leigeobjektet
Utkasting/tvangsfråviking
Våre advokatar bistår både utleigar og leigetakar i alle typar husleigetvistar. Vi har inngåande kunnskap om gjeldande regelverk og yter bistand på eit kvart stadium av saka.
Vi har kontor i Sogndal, Førde og Florø, og bistår klientar i heile Sogn og Fjordane.
Rettshjelpsforsikring
Dei fleste bustad- og innbuforsikringar inkluderer såkalla rettshjelp. Det inneber at du kan få dekka store deler av kostnadane til advokatbistand dersom du skulle hamne i ein husleigetvist. Vi hjelper deg med å undersøke om du har relevant forsikring som dekker tvisten.
Tlf.: 98 86 90 12
hanne.sellevold@advokat-tollefsen.no