Er fleire varamedlem eller juridisk kjønnsskifte ein "quick fix" for kjønnsbalanse i styret?

Med dei nye reglane om kjønnsbalanse i styrer som trådte i kraft 1. januar 2024, har mange selskap byrja å leite etter løysingar for å oppfylle krava.

Ein kan høyre historiar om at nokre vurderer å opprette varamedlemmer eller la styremedlemmer skifte juridisk kjønn som ein "quick fix".

Men er dette verkeleg ei haldbar juridisk løysing?

La oss sjå nærare på kva lova seier og kva som er føremålet med desse reglane.

Krav til kjønnsbalanse i styret i et aksjeselskap

Aksjelova § 6-11 a fastset klare krav til kjønnsbalanse i styret for aksjeselskap. Ifølgje lova skal styret i selskap med tre eller fleire medlemmer oppfylle bestemte krav til kjønnssamansetning. Til dømes, i eit styre med tre eller fire medlemmer, kan maksimalt to medlemmer ha same kjønn. Desse krava gjeld også for varamedlemmer, jf. aksjelova § 6-11 a tredje ledd.

Varamedlemmer som løysing

Dersom du sitt og lurar på om det å velje inn varamedlem av eit anna kjønn en det ditt styre har mest av, vil oppfylle krava til kjønnsbalanse, er svaret på det nei. Forarbeida til bestemmelsen i Prop. 131 LS (2022-2023) understrekar at kjønnssamansetninga skal reknast separat for styremedlemmer og varamedlemmer. Dette betyr at ein ikkje kan oppfylle krava ved å berre legge til varamedlemmer av det underrepresenterte kjønn.

Juridisk kjønnsskifte som løysing

Ei anna over snittet oppfinnsom løysing er å foreslå at eit styremedlemmer skifter juridisk kjønn for å oppfylle krava. Lov om endring av juridisk kjønn som kom i 2016 gir faktiks personar rett til å endre sitt juridiske kjønn dersom dei opplever å tilhøyre det andre kjønnet enn det dei er registrert med i folkeregisteret. Dette kan gjerast utan bevismessige krav, kun basert på eigen oppleving.

Når vi så veit at det juridiske kjønnet er det som skal leggjast til grunn ved anvending av andre lover og forskrifter, inkludert reglar om kjønnskvotering, se vi at dette potensielt kan utnyttast for å oppfylle krava til kjønnsbalanse i styret. Det bør imidlertid reise spørsmål om etisk forsvarlegheit, ved sida av det openbare: Er «biverknadane» i form av rettlsege konsekvenser verdt det? Det bør vere lita tvil om at det ikkje er i tråd med lova sin intensjon.

Føremålet med reglane om kjønnsbalanse

Føremålet med lovendringa er å sikre ein balansert kjønnsrepresentasjon i styrer, noko som kan bidra til betre beslutningsprosessar og auka mangfald. Dette er tydeleggjort i forarbeida, der det framgår at krava er snudd slik at det stilles krav til maksimalt antal av styremedlemmer med same kjønn. Dette ivaretar omsynet til eventuelle utanlandske styremedlemmer som kan ha eit tredje kjønn.

Anbefaling

I staden for å leite etter "quick fixes", anbefalar vi at selskap tek lova sitt føremål på alvor og arbeider for å oppnå reell kjønnsbalanse i styra. Dette kan innebere å rekruttere nye styremedlemmer av det underrepresenterte kjønn eller å gjere endringar i selskapet sine rekrutterings- og valprosessar for styremedlemmer. Selskap bør fokusere på å oppnå reell kjønnsbalanse, i tråd med lova sitt føremål, for å sikre mangfald og betre beslutningsprosessar i styra.

For ytterlegare informasjon om dei nye reglane og korleis dei kan påverke ditt selskap, anbefalast det å konsultere ein juridisk rådgivar med ekspertise innan forretningsjuss. Ta gjerne kontakt med oss.

 

Partnar og advokat Kristine Celius har brei kompetanse frå ulike juridiske fagfelt og arbeider med tvisteløysing på tvers av firmaet sine forretningsområder. Ho er leiar for faggruppe for forretning og bistår klientar med spørsmål innanfor kontrakts- og selskapsrett, immaterialrett, fast eigedom og tingsrett.

Kontakt: Tlf.: 97697251
E-post: kristine@advokat-tollefsen.no

 
 
Forrige
Forrige

Kan ein oppgjersavtale mellom næringsdrivande vere ugyldig?

Neste
Neste

Ny advokatfullmektig - Sigrid Haanes Marton