Ny advokatfullmektig - Sigrid Haanes Marton
Sigrid Haanes Marton frå Tromsø, starta som advokatfullmektig 1. februar.
Sigrid har master i rettsvitskap frå Universitetet i Tromsø.
Ho kjem til oss frå stillinga som dommarfullmektig ved Haugaland og Sunnhordland tingrett, der ho var i 3,5 år. Som dommarfullmektig har Sigrid opparbeidd seg kompetanse og erfaring som kjem både våre kundar og oss til gode.
Sigrid er ei aktiv dame med særleg interesse for fjell og ski, noko som sjølvsagt har vore medverkande til valet av Sogndal som sin nye heimstad.
Ho skal ha kontorstad i Sogndal, men vil arbeide med saker i heile regionen saman med resten av Advokatfirmaet Tollefsen. Sigrid vert ein del av faggruppa for eigedom og vil i tillegg arbeide med privatrett innanfor arv og skifte.
Vi ynskjer Sigrid hjarteleg velkomen til oss!