Ny forskrift i kraft frå 1. februar gir større innsyn i aksjeeigarskap

Har du nokon gong lurt på kven som eig aksjar i eit selskap du samarbeider med, konkurrerer mot – eller kanskje vurderer å investere i?

Nokon gonger er dette ikkje tilgjengeleg informasjon. Men no har regjeringa lansert ei ny forskrift som skal gjere det enklare å finne ut nettopp dette. Den nye forskrifta om innsyn i aksjeeigarbøker, som trer i kraft 1. februar 2025, er eit viktig steg mot større openheit i næringslivet.

Dette er ikkje berre eit tiltak for å tilfredsstille nysgjerrige sjeler – det handlar om å skape eit tryggare og meir transparent næringsliv. Som næringsminister Jan Christian Vestre sa under lanseringa av regjeringa si fempunktsplan:

«Åpenhet om hvem som eier aksjer er med på å belyse maktstrukturer i samfunnet og opprettholde tilliten i samfunnet vårt.»

Kva inneber den nye forskrifta?
Forskrifta byggjer på heimlane i aksjelova § 4-6 og allmennaksjelova § 4-5. Ho stiller klare krav til korleis selskap skal gi innsyn i aksjeeigarbøker og aksjeeigarregister. Her er nokre av hovudpunkta:

1.      Digitalisering av innsynsprosessen
Selskap må no kunne gi innsyn i aksjeeigarbøker og aksjeeigarregister digitalt. Dette skal skje ved å sende opplysningane per e-post eller via ein dedikert kanal for førespurnader. Dette gjer prosessen enklare og meir tilgjengeleg for allmenta.

2.      Kostnadsfri tilgang til oppdaterte oversikter
Selskap med forvaltarregistrerte aksjar må minst éin gong i året offentleggjere ei oversikt over aksjeeigarane, inkludert informasjon om kva land aksjeeigarane er busette i og talet på aksjar dei eig. Denne oversikta skal vere tilgjengeleg kostnadsfritt og publiserast seinast seks veker før generalforsamlinga.

3.      Tidsfristar for innsynskrav
Når nokon ber om innsyn i aksjeeigarboka, skal selskapet levere opplysningane innan tre verkedagar. Dette sikrar at informasjonen er oppdatert og tilgjengeleg utan unødvendige forseinkingar.

Kva med utanlandske aksjeeigarar?
Eit av dei største problema har vore manglande oversikt over utanlandske aksjeeigarar som nyttar forvaltarar. No vert selskap pålagt å gi innsyn i kven som står bak forvaltarregistrerte aksjar. Dette er eit viktig tiltak for å avdekkje skjulte eigarskap og sikre at alle aksjeeigarar kan identifiserast.

Kva betyr dette for næringslivet?
Den nye forskrifta er ein del av regjeringa si fempunktsplan for auka openheit om aksjeeigarskap. Planen inkluderer også betre konsernrapportering og oppretting av ei arbeidsgruppe som skal vurdere ytterlegare tiltak for å styrke transparensen. For næringslivet betyr dette at selskap må vere førebudde på å tilpasse seg strengare krav til rapportering og innsyn. Samstundes gir det ei moglegheit til å styrke tilliten til selskapet si verksemd og eigarskapsstruktur.

Kva bør du som aksjeeigar eller bedriftseigar gjere?

1.      Sørg for at aksjeeigarboka og aksjeeigarregisteret er oppdatert og tilgjengeleg i samsvar med dei nye krava.

2.      Implementer digitale løysingar for å handtere innsynskrav effektivt.

3.      Regjeringa har varsla at fleire tiltak kan kome. Hald deg oppdatert for å sikre etterleving.

Den nye forskrifta er ikkje berre eit krav – det er også ei moglegheit for å styrke tilliten til di bedrift og bidra til eit meir transparent næringsliv. Har du spørsmål om korleis dette påverkar di verksemd?

Ta kontakt med oss i Advokatfirmaet Tollefsen AS. Vi hjelper deg med å navigere i det juridiske landskapet, slik at du kan fokusere på det du gjer best – å drive di bedrift.

 

Partnar og advokat Kristine Celius har brei kompetanse frå ulike juridiske fagfelt og arbeider med tvisteløysing på tvers av firmaet sine forretningsområder. Ho er leiar for faggruppe for forretning og bistår klientar med spørsmål innanfor kontrakts- og selskapsrett, immaterialrett, fast eigedom og tingsrett.

Kontakt: Tlf.: 97697251
E-post: kristine@advokat-tollefsen.no

 

Advokat May-Linn Sandvik har kompetanse frå ulike juridiske fagfelt.

Hovedsakeleg innanfor forretningsjuridiske saker, skatterettslege saker, kontrakt og kontraktsforhandlingar, arv -og familierett, dødsbubehandling samt erfaring med prosedyre innanfor fleire fagfelt.

Kontakt: Tlf.: 97968828
E-post: may-linn.sandvik@advokat-tollefsen.no

 
Forrige
Forrige

Ny advokatfullmektig - Sigrid Haanes Marton

Neste
Neste

Visste du at regjeringa har foreslått å fjerne bedriftsinterne aldersgrenser?