Kan ein oppgjersavtale mellom næringsdrivande vere ugyldig?
Høgsterett har nyleg avsagt dom om gyldigheita av ein oppgjersavtale mellom næringsdrivande
Den 12. februar 2025 avsa Høgsterett ein viktig dom om gyldigheita av ein oppgjersavtale for aksjekjøp, vurdert etter avtalelova § 36. Denne dommen vil ha betydning for næringsdrivande, spesielt når det kjem til avtalevilkår, lojalitetsplikt og opplysningsplikt i selskapsrettslege transaksjonar.
Bakgrunn for saka
Saka starta i 2013 då eks gründerar stifta eit felles morselskap, Red Rock AS . I 2018 selde fire av desse 45,4% av aksjane til dei to gjenverande gründerane for ca. 41 millionar kroner. Målet med salet var at det ville bli enklare å selje selskapet seinare med to eigarar i staden for seks.
Grunna manglande finansiering inngjekk partane ein seljarkredittavtale i desember 2017 der seljarane gav kjøparane kreditt på kjøpesummen mot pant i aksjane. Målet til partane var heile tida å selje firmaet vidare og sikre at alle partar skulle få betalt for sitt arbeid i selskapet.
Det felles selskapet vart ikkje seld i 2018 og seljarkreditten vart ikkje betalt. I 2021 forhandla morselskapet med eit utanlandsk selskap om kapitalførsel og sal av aksjar. Partane inngjekk deretter ein oppgjersavtale der den avtalte prisen på aksjane blei redusert med vel 70 % - til 12,2 millionar kroner. Betalinga skulle skje når transaksjonen med det utanlandske selskapet var gjennomført.
Nokre månadar seinare kjøpte det utanlandske selskapet alle aksjane i morselskapet for 180 millionar kroner, dette gav eit kontantvederlag til dei to gjenverande eigarane på 94,5 millionar kroner kvar, og følgeleg ein stor gevinst. Dei fire gründerane som hadde akseptert redusert pris for aksjane i 2017 meinte at dette var illojal opptreden. Aksjekjøparane meinte imidlertid at sejarane medvite hadde valt å ta ein risiko i 2017.
Om du vil lese dommen finn du han her: hr-2025-251-a.pdf
Høgsterett si vurering
Spørsmålet for Høgsterett var om oppgjersavtalen frå 2021 skulle reviderast etter avtalelova
§ 36, slik at seljarane hadde krav på oppgjer i samsvar med aksjekjøpsavtalen frå 2017. Avtalelova § 36 opnar for å kjenne ein avtale heilt eller delvis ugyldig dersom det ville virke urimeleg eller vere i strid med god forretningsskikk å gjere den gjeldande.
Sidan partane i saka ikkje var privatpersonar, men aksjeselskap eigd av dei seks gründerane, var eigarane sin erfaringsbakgrunn og profesjonalitet det sentrale. Desse hadde eit spesielt tillitsforhold grunna tidlegare avtalar og felles mål om vidaresal.
Høgsterett kom til at seljarane og kjøparane ikkje var jambyrdige når det gjaldt ressursar og kompetanse. Kjøparane hadde nemleg særlege moglegheiter til å utforme oppgjersavtalen i 2021 til sin fordel. I tillegg hadde gjenverande eigarar unnlate å orientere seljarane om innhaldet i alle forhandlingane med det utanlandske selskapet. Kjøparane måtte difor reknast å ha tilbakehalde informasjon frå seljarane ved inngåing av oppgjersavtalen med det utanlandske selskapet i 2021.
Høgsterett kom difor, i likskap med lagmannsretten, til at oppgjersavtalen frå 2021 var urimeleg og måtte setjast til side i sin heilskap ut frå regelen i avtalelova § 36. Dette inneber at seljarane har krav på oppgjer i samsvar med den opphavelege aksjekjøpsavtalen frå 2017 med frådrag for allereie gjennomført oppgjer.
Verknader av dommen
Dommen understrekar viktigheita av rimelege avtalevilkår i selskapsrettslege transaksjonar og klargjer bruken av avtalelova § 36. Den framhevar at eit tydeleg felles mål skjerpar den kontraktsrettslege lojalitetsplikta til kommersielle partar. Dommen syner vidare at avtalar som vert akseptert på sviktande grunnlag kan tilsidesetjast, og at ein debitor som forhandlar med ein kreditor om gjeldsreduksjon har ei vidtgåande opplysingsplikt for forhold av betydning for kreditor si vurdering.
Kva betyr dette for deg?
Dommen syner viktigheita av å vere medviten på eit kvart steg i prosessen ved avtaleinngåing mellom næringsdrivande. For å unngå liknande situasjonar, er det avgjerande å sikre at alle partar har tilgang til relevant informasjon og at avtalevilkåra er rimelege og balanserte.
Ved behov bistår vi gjerne med rettleiing til di verksemd - ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale.
Advokat Hanne Dale Sellevold har kompetanse frå ulike juridiske fagfelt, hovedsakleg innanfor erstatningsrett, forvaltningsrett, offentlige anskaffelser og spørsmål knytt til fast eigedom.
Ho bistår i løysing av juridiske problemstillingar på fleire ulike rettsområde.
Hanne Dale Sellevold er tilknytta faggruppa forretning
Kontakt:
Tlf.: 98 86 90 12
E-post: hanne.sellevold@advokat-tollefsen.no