Miljøfyrtårnsertifisert!
Advokatfirmaet Tollefsen er miljøfyrtårnsertifisert!
I dag hadde vi gleda av å få besøk av ordføraren i Sogndal, Stig Ove Ølmheim. Med seg hadde han Miljøfyrtårn-plaketten og blomster.
Vi er no Miljøfyrtårn-sertifiserte.
Dette sertifikatet stadfestar at verksemda vår oppfyller ein standard for miljøleiing, med kriterium innan tema som styring av verksemda, ressursbruk og sirkulærøkonomi, klimagassutslepp og arbeidsforhold.
Vi vart også sertifiserte utan avvik, noko vi er svært stolte av.
Er det viktig for eit advokatfirma å vere Miljøfyrtårn-sertifisert? Bransjen vår er ikkje blant dei største miljøverstingane, men det vi faktisk kan gjere for å ta vare på klima og miljø, vil vi bidra med.
For oss er det viktig å kunne dokumentere at vi driv verksemda vår så miljøvenleg og berekraftig som mogleg. Det er viktig for kundane våre, som vel oss som sin leverandør, og det er viktig for våre tilsette.
Vi bidreg der vi kan – for miljøet, klimaet og berekrafta.