Styreleiar og styremedlemar kan haldast personleg erstatningsansvarlege

I selskapsforhold er utgangspunktet at selskapet som juridisk eining er ansvarleg for sine plikter. Aksjelova opnar likevel for personleg ansvar for styremedlemmar og andre sentrale leiarpersonar.

Dette kallast styreansvar, og er noko alle som tar på seg styreverv må ha eit bevisst forhold til.

Når kan styreansvar bli aktuelt?

Styreansvaret er omtala i aksjelova § 17-1 og inneber at mellom anna dagleg leiar, styremedlem og aksjeeigar kan haldast personleg ansvarleg for den skade som dei gjennom si rolle forsettleg eller aktlaust har påført selskapet eller andre. Styreansvaret gjeld uavhengig av om vervet er betalt eller ikkje, og omfattar også medverknad.

Spørsmål om styreansvar oppstår gjerne etter at styret har tatt eller unnlate å ta bestemte avgjersler.

Styreansvaret er individuelt og det må vurderast om kvart enkelt styremedlem kan haldast erstatningsrettsleg ansvarleg for ei handling eller unnlating begått av styret. Det kan difor førekomme at berre enkelte styremedlemar vert ilagt erstatningsansvar. Kven kan krevje erstatning etter styreansvaret?

Både selskapet sjølv, aksjeeigarar og andre kan ha krav på erstatning etter reglane om styreansvar. Eit praktisk tilfelle er at selskapet sine kontraktspartar eller kreditorar krev erstatning som følgje av at selskapet har misleghalde ei kontrakt. Styreansvaret eksisterer parallelt med selskapet sitt sjølvstendige ansvar. Det inneber at eit styremedlem kan haldast personleg ansvarleg sjølv om selskapet også er ansvarleg for same handling på eit anna grunnlag. Mest praktisk er det likevel at det først vert fremja krav om styreansvar dersom selskapet ikkje kan oppfylle sine plikter, dømevis dersom selskapet ikkje kan betale eller har gått konkurs.

Saker om styreansvar i domstolane

Styreansvar kan oppstå i ulike situasjonar, til dømes ved brot på lovreglar eller manglande oppfylling av plikter, og vert med jamne mellomrom tema i domstolane.

I ei sak frå 2013 blei styreleiar i eit transportselskap heldt personleg erstatningsansvarleg for 240 000 kroner fordi selskapet hadde kjøpt reperasjonstenester på kreditt i ein situasjon der dei var insolvent og hadde negativ eigenkapital. Lagmannsretten vurderte at styret hadde handla i strid med aksjelova ved å unnlate å iverksette tiltak for å styrke eigenkapitalen innan rimeleg tid. Styreleiar hadde ikkje informert avtaleparten om selskapet sin økonomiske situasjon, og lagmannsretten skildra kjøpet som illojalt og uforsvarleg.

gså manglande oppfylling av rekneskapsplikter kan føre til erstatningsansvar, som i ein Høgsterettsdom frå 2017 (HR-2017-2375-A), der dagleg leiar i eit skipsverft fekk tenester levert på kreditt utan å informere om selskapet sine økonomiske utfordringar. Det blei lagt vekt på at dagleg leiar ikkje hadde sørgja for tilfredsstillande rekneskaps- og rapporteringsrutinar, og han måtte betale erstatning på 750 000 kroner. Dommen er eit godt eksempel på at styreansvaret kan medføre ansvar for høge beløp som kan ramme styremedlemmar hardt.

Er ansvaret absolutt?

Styreansvaret er ikkje absolutt. Sjølv om vilkåra er oppfylte, kan ansvaret bli redusert basert på skuldgrad, økonomi og forsikringsmoglegheiter, jf. aksjelova § 17-2 og skadeerstatningslova § 5-2. Krav om erstatning kan også bli forelda etter tre år, avhengig av når skaden vart kjent. Det er derfor viktig å vere merksam på foreldelsesfristar for å unngå tap av rettar.

Styreansvarsforsikring

Alle som tek på seg seg styreverv eller andre leiande roller i eit selskap, bør vurdere styreansvarsforsikring for ekstra tryggleik. Utan forsikring, vil det personlege styreansvaret medføre at styremedlem heftar for eit eventuelt erstatningskrav med heile sin personlege økonomi og formue, noko som i verste fall kan føre til at ein må selje eigen bustad eller andre verdifulle eigedelar for å innfri erstatningskravet.

Ei vanleg styreansvarsforsikring dekker ansvar oppstått som følgje av aktløyse, men ikkje skader eller tap oppstått som følgje av forsettelege handlingar.

Oppsummert kan styremedlem eller andre med bestemte roller i eit selskap pådra seg erstatningsansvar som kan bli svært krevjande å handtere for den enkelte. Før ein påtek seg styreverv bør ein difor vere medviten om dette ansvaret, og innrette seg etter det. Det er samstundes viktig å hugse på at det skal ein del til for å konstatere ansvar og at det er rom for feilvurderingar, og ikkje minst at styrearbeid er både spanande og verdifullt!

 
 

Advokat Hanne Mundal

 

Advokatfullmektig Hanne Dale Sellevold

Artikkelen er skriven av advokat Hanne Mundal og advokatfullmektig Hanne Dale Sellevold. Dei høyrer begge til i faggruppe forretning, og kan bistå deg og ditt firma med rådgjeving og juridisk bistand. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om styreverv eller treng bistand på andre områder.

Forrige
Forrige

På veg mot personleg konkurs? Slik får du ein omstart

Neste
Neste

Nye reglar ved arbeidsavtalen frå 1.juli