Nye reglar ved arbeidsavtalen frå 1.juli

Nye reglar ved arbeidsavtale frå 01.juli 2024

Er du og bedrifta di klar over at nye reglar om kva ein arbeidsavtale skal innehalde trer i kraft frå 1. juli 2024?

 Dei nye reglane gjeld blant anna kva tidspunkt arbeidsavtalen skal inngåast, og kva informasjon arbeidstakar har rett til å få gjennom arbeidskontrakten sin.

 Vi tilbyr, og har god erfaring med, å administrere og følgje opp arbeidsavtalar for bedrifter. Bedriftene kan då vere trygge på at avtalane til ei kvar tid stettar arbeidsmiljølova sine krav, utan å redusere arbeidsgjevar styringsrett meir enn nødvendig.

 Dei nye lovendringane gjer at arbeidsgjevar blant anna pliktar å oppdatere arbeidsavtalane ved endringar gjeldande bedrifta sine gode. Sjølv om bedriftene ikkje pliktar å gjennomgå eldre avtalar, ser vi at dei nye reglane fort kan ende med forskjellshandsaming av eldre og nye arbeidstakarar, og oppmodar dykk til å ta ein gjennomgang av også eldre avtalar.

 Ta gjerne kontakt med oss for ein uformell samtale der vi kan diskutere kva di bedrift treng.

 


Silje Flugheim Heggestad er partner i Advokatfirmaet Tollefsen og er sentral i faggruppa for forretning. Ho jobbar mest med rådgjeving innan kontrakt- og selskapsrett, transaksjonar og arbeidsrett.









Forrige
Forrige

Styreleiar og styremedlemar kan haldast personleg erstatningsansvarlege

Neste
Neste

Kven kan sitte i styre i aksjeselskap, og kva er eigentleg styrearbeid?