Kven kan sitte i styre i aksjeselskap, og kva er eigentleg styrearbeid?

Sit du i eit styre, eller har du lurt på om det er noko for deg?

Å ta på seg eit styreverv er ei viktig oppgåve som kan gje spennande moglegheiter for å bidra med strategi- og utviklingsarbeid i eit selskap. Men kva går det eigentleg ut på, og korleis vert ein vald inn?

Advokat Silje Flugheim Heggestad

Generalforsamling vel styremedlemmar

Aksjelova regulerer at kvart aksjeselskap skal ha eit styre, som består av minimum ein person. Selskap som har over 200 tilsette skal ha fem styremedlemmar. I denne artikkelen kjem vi til å avgrense mot dei store selskapa, og tek heller føre oss kva reglar som gjeld for selskap som har under 200 tilsette.

Generalforsamlinga, som består av aksjeeigarane i selskapet, vel styremedlemmar og bestemmer kven som skal vere styreleiar. Dersom Generalforsamlinga ikkje har teke stilling til kven som skal vere leiar, vel styret det sjølv.

I utgangspunktet skal styremedlemmane tenestegjera i to år. Vedtektene til selskapet kan fastsetje kortare eller lengre tenestetid. Eit styremedlem har uavhengig av ovannemnde rett til å tre tilbake før tenestetida er ute, men varsel om dette må gjevast i rimeleg tid i forkant.

Det er mange som lurer på om styremedlemmar får godtgjering for styrearbeidet. Godtgjering til styremedlemmar vert fastsett av generalforsamlinga, og er såleis opp til eigarane av selskapet å bestemme.

Kva oppgåver har styret?

Styret har i oppgåve å forvalte selskapet, og syte for forsvarleg organisering av verksemda. Styret skal fastsette planar og budsjett, og kan fastsette retningslinjer for verksemda. Styret må halde seg orientert om selskapet si økonomiske stilling, og pliktar å sjå til at verksemda, rekneskapen og formueforvatninga er underlagt kontroll som er fullgod. Styret kan setje i verk dei undersøkingane som er naudsynte for å kunne utføre oppgåvene sine.

Vidare skal styret føre tilsyn med den daglege leiinga av selskapet. Dagleg leiar pliktar å følgje dei retningslinjene – og pålegga – som styret har gitt, og orientere styret minimum kvar fjerde månad om selskapet si verksemd, stilling og resultatutvikling. Styret kan også til ei kvar tid krevje at dagleg leiar gir styret ei nærare utgreiing om bestemte saker.


Ut frå ovannemnde medfører dette at styret skal behandle ei rekke saker og treffe vedtak som er avgjerande for selskapet si drift og utvikling, t.d. strategi og målsettingar, budsjett og økonomisk planlegging, godkjenning av årsrekneskap mm. Også saker som er av uvanleg art eller av stor betydning for selskapet bør handsamast av styret. Styremedlemmane og dagleg leiar kan be styret om å handsame saker.

Saker som er til handsaming i styret, skal vere førebudd av dagleg leiar i samråd med styreleiar. Saka skal førebuast og leggast fram på ein slik måte at styret har eit tilfredsstillande handsamingsgrunnlag.

Kva krav vert stilt til styremedlemmane?

Ut frå oppgåvene som er gjeve styret, bør styremedlemmane ha kompetanse som er naudsynt for å forstå og handtere selskapet si verksemd. Det kan difor vere hensiktsmessig at styremedlemmane har ulik bakgrunn og utdanning, slik at styret samla sett har ei brei kompetanse. Styreleiar har eit særleg ansvar for å leie styret sitt arbeid.

Aksjelova stiller også krav til at halvparten av styremedlemmane skal vere busett i ein EØS-stat, Storbritannia eller Sveits, samt krav til kjønnssamansetninga. Frå 1. januar 2024 er det kome spesifikke krav til kjønnssamansetninga i styret dersom årsrekneskapen viser driftsinntekter og finansinntekter som samla er større enn 50 millionar kroner, eller som har fleire enn 30 tilsette.

Kravet er då følgjande:

  • 3–4 medlemmar: maksimalt to styremedlemmar av same kjønn.

  • 5–6 medlemmar: maksimalt tre styremedlemmar av same kjønn.

  • 7 medlemmar: maksimalt fire styremedlemmar av same kjønn.

  • 8 medlemmar: maksimalt fem styremedlemmar av same kjønn.

  • 9 eller fleire medlemmar: maksimalt 60 prosent av styremedlemmane av same kjønn.

Dette medfører at styresamansettinga i veldig mange føretak må endrast. Difor er det bestemt at det skal skje ei gradvis implementering av reglane for ulike selskap:

  • 31. desember 2024: Selskap med total drifts- og finansinntekt som overstig 100 millionar kroner

  • 30. juni 2025: Selskap med meir enn 50 tilsette

  • 30. juni 2026: Selskap med meir enn 30 tilsette

  • 30. juni 2027: Selskap med total drifts- og finansinntekt som overstig 70 millionar kroner

  • 30. juni 2028: Selskap med total drifts- og finansinntekt som overstig 50 millionar kroner

Statistisk sentralbyrå viser at det framleis er overvekt av menn i styrer, og at utviklinga mot meir kjønnsbalanserte styrer skjer sakte. Med tanke på lovpålegget som skissert ovanfor, er det klart at det er eit auka behov for kvinner i styrer i åra som kjem. Sjølv om den gradvise implementeringa av dei nye reglane kan gje mange følelsen av å ha god tid, er det lurt å vere tidleg ute for å inn den/dei kandidatane som er best eigna for di bedrift.

Fagleg utvikling og spennande moglegheiter

Eit velfungerande styre, som utøver eit godt stykke styrearbeid, er viktig for selskapet drift og utvikling. Arbeidet kan verke omfattande, men ein sit sjeldan åleine i prosessane. Styrearbeid vil gje styremedlemmane personleg og fagleg utvikling, som igjen kan opne dører for andre spennande moglegheiter. Dersom du blir spurt om å sitte i eit styre, kan du gjerne be om å få hospitere ein periode for å sjå kva styrearbeid går ut på, samt korleis styret fungerer i det aktuelle selskapet.

Denne artikelen stod på trykk i spalta Lov og Rett i Sogn Avis 14.04.2024

Les artikkelen her

 
 

Silje Flugheim Heggestad er partner i Advokatfirmaet Tollefsen og er sentral i faggruppa for forretning. Ho jobbar mest med rådgjeving innan kontrakt- og selskapsrett, transaksjonar og arbeidsrett..

Treng du forretningsjuridisk bistand, eller har spørsmål om styrearbeid?

 
Forrige
Forrige

Nye reglar ved arbeidsavtalen frå 1.juli

Neste
Neste

Er det på tide å starte med arveplanlegginga?