På veg mot personleg konkurs? Slik får du ein omstart

Personleg konkurs?

Økonomiske utfordringar kan vere svært krevjande, og for dei som ikkje tek tak i den uhaldbare økonomiske situasjonen, kan personleg konkurs verte ein realitet.

Advokat Silje Flugheim Heggestad

Kva er personleg konkurs?

Personleg konkurs oppstår som følgje av at ein eller fleire kreditorar ikkje får tilbakebetalt det personen skuldar, fordi skuldnar ikkje kan oppfylle sine plikter etter kvart som dei forfell, og skuldnaren har større gjeld enn eigedelar. Kreditorane ser då ingen anna moglegheit til å drive inn delar av gjelda si, og tingretten opnar konkurs etter krav frå kreditoren.

Ofte er personleg konkurs relatert til eit enkeltpersonføretak, som av ulike årsaker ikkje har blitt drifta på ein økonomisk berekraftig måte.

Bustyrar blir oppnemnd av retten, og set i gang arbeid med å innhente informasjon om eigedelar og gjeld, løpande plikter mm. Som eit utgangspunkt tek bustyrar beslag i all aktiva, men her er det fleire unntak, t.d. aktiva av personleg karakter eller som er naudsynt for yrke ein driv. Bustyrar gjer dette for å få ein oversikt over den økonomiske situasjonen, og for å sjå kva aktiva som kan realiserast.

Etter realisasjon, vil kreditorane truleg få utbetalt delar av sitt krav i prioritert rekkjefølgje. Merk at i motsetning til konkurs i aksjeselskap, vil personar som går personleg konkurs framleis hefte ved gjelda som ikkje blir nedbetalt under konkurshandsaminga.

Livet (før og) etter personleg konkurs

Både før og etter ein personleg konkurs, vil det vere essensielt å søkje økonomisk rådgjeving for å få rettleiing til korleis ein kan snu den økonomiske retninga, samt for å byggje opp ei sunn økonomisk framtid. Økonomisk rettleiing kan t.d. søkjast hjå NAV.

Det første som bør skje når ein trykkjer på «omstart»-knappen, er å ta tak i situasjonen. Få oversikt over den samla gjelda. Ta ei reflektert vurdering av situasjonen, og sett opp budsjett over eige forbruk, og kva ein faktisk må/bør/kan/ønskjer å bruke tilgjengelege midlar på. Gå i dialog med kreditorane og søk nedbetalingsplanar som ein klarar å gjennomføre. Hugs at skatt og avgift må prioriterast, og at det er lurt å vere i forkant av forfallsdato. Kan banken din hjelpe deg i gang, og rådgje deg økonomisk?

Bør ein sjå på sin eigen arbeidssituasjon? For nokre vil det kanskje vere best å vere tilsett, i staden for å drive sitt eige føretak med all administrering, føring og andre plikter som dette medfører.

Kanskje vil det vere best å søkje gjeldsordning? Namsmannen kan gje rettleiing om gjeldsordning, og kva dette inneber. Formålet med gjeldsordning er å gje personar med gjeld over evne ein sjanse til å starte på nytt økonomisk sett.

Ved å la seg bistå og rettleie, kan ein igjen ta kontroll over økonomien, samt lære sunne økonomiske vanar, som gjer at ein slepp å kome i ein uhandterleg situasjon. Det bør ikkje vere skambelagt å søkje hjelp, det er fornuftig og ansvarsfullt. Hugs, det blir ofte litt tyngre før det blir betre!

 
 

Silje Flugheim Heggestad er partnar i Advokatfirmaet Tollefsen og er sentral i faggruppa for forretning. Ho jobbar mest med rådgjeving innan kontrakt- og selskapsrett, transaksjonar og arbeidsrett.

Treng du bistand eller ynskjer du rådgjeving i samband med konkurs?

 
 
Forrige
Forrige

Balanse mellom arbeidstakar sine rettar og arbeidsgjevar sine behov

Neste
Neste

Styreleiar og styremedlemar kan haldast personleg erstatningsansvarlege