Nye krav til kjønnsbalanse i styret: Er verksemda di klar? 

Av: Kristine G Celius

Frå 1. januar 2025 vert det stilt strengare krav til kjønnsbalanse i styra til aksjeselskap og fleire andre organisasjonsformer. Loven tredde i kraft 1. januar 2024 og har ei gradvis innføring av dei nye reglane om kjønnsbalanse som skal sikre eit meir mangfaldig og inkluderande næringsliv. For mange verksemder hastar det no med å førebu seg – men kva inneber desse krava, og kva bør de gjere? 

Kva er nytt frå og med 1. januar 2025? 

  • For selskap med meir enn 100 millionar kroner i samla drifts- og finsansinntekter i 2023, må krava vere på plass før den 1. januar 2025.  

  • Selskap med over 50 tilsette, avhengig av omsetnad, må oppfylle krava innan den 30. juni 2025

Det kjem fleire tersklar dei neste åra, så sjølv verksemder som ikkje er omfatta no, bør ha dette på radaren. 

 

Kva krev reglane? 

Reglane handlar om å sikre ein viss andel av begge kjønn i styrer. Dette gjeld: 

  • Styremedlemmene valt av generalforsamlinga 

  • Representantar som vert valt av tilsette, i selskap med 30 eller fleire tilsette 

Kravet varierer med storleiken på styret. Til dømes: 

  • For styre med tre eller fleire medlemmer må minst ein representant vere frå kvart kjønn. 

  • For større styre kan dette innebere opptil 40 % representasjon frå kvart kjønn. 

Kravet omfattar også varamedlemmer, men eigne reglar gjeld der meir enn 80 % av dei tilsette tilhøyrer eitt kjønn. 

 

Kva må verksemda gjere no? 

For å sikre at ein er klar til fristen, bør selskapet: 

  1. Gjennomgå dagens styresamansetjing: Korleis er kjønnsbalansen no, og kva endringar er naudsynte? 

  1. Planleggje valprosessar: Sørg for at både generalforsamling og tilsette har gode rutinar for å velje styremedlemmer i tråd med reglane. 

  1. Sikre kompetanse: Mangfald handlar ikkje berre om kjønn, men også om å få inn rett kompetanse som styrkar styrets arbeid. 

 

Ein moglegheit, ikkje berre eit krav 

Mangfald i styrer har vist seg å kunne ta betre avgjersler, dei er meir innovative og høgare lønsemd. Dei nye reglane er difor ikkje berre eit juridisk krav, men også ei moglegheit for verksemder til å styrke konkurransekrafta si. 

Treng di verksemd hjelp til å finne dei rette kandidatane?

Da bør de sjekke ut den lokale styreportalen Styrekandidat Vest. Målet med Styrekandidat Vest er å profesjonalisere styrearbeidet i bedriftene i Vestland, ved mellom anna å sørgje for å auke kvinneandelen, få inn fleire yngre kandidatar og fleire eksterne styremedlemmer. Det er gratis å bruke Styrekandidat Vest, både som kandidat og bedrift. 

 

Advokat og partnar Kristine Celius har brei kompetanse frå ulike juridiske fagfelt og arbeider med tvisteløysing på tvers av firmaet sine forretningsområder. Ho er leiar for faggruppe for forretning og bistår klientar med spørsmål innanfor kontrakts- og selskapsrett, immaterialrett, fast eigedom og tingsrett.

Kontakt:

Tlf.: 97 69 72 51
E-post: kristine@advokat-tollefsen.no

 
Forrige
Forrige

Kva arbeidstid kan arbeidsgjevar pålegge arbeidstakar i jula?

Neste
Neste

Du kan få sparken av dårleg oppførsel på julebordet