Du kan få sparken av dårleg oppførsel på julebordet
Julebordsesongen 2024 er godt i gang. For mange arbeidsplassar er det ein årleg tradisjon å samle kollegaer til triveleg lag med god mat og drikke. Høg feststemning og mykje alkohol er ofte ei suksessoppskrift, men enkelte vaknar dagen etter med fylleangst – og det med god grunn. Dårleg oppførsel på julebordet kan nemleg føre til at du får sparken.
Arbeidsgjevar kan stille krav til åtferd på julebord
Sjølv om julebordet finn stad utanfor ordinær arbeidstid, vert det ikkje rekna som eit privat arrangement.
I ein dom frå 2009 i Agder lagmannsrett fekk arbeidsgjevar medhald i at det var sakleg grunn til oppseiing av ein tilsett på bakgrunn av arbeidstakaren sin oppførsel på eit julebord. Mannen, som hadde ei leiande stilling i firmaet, hadde seksuell omgang med ein yngre kvinneleg kollega og tafsa på ei anna. I tillegg bestilte han drikkevarer på bedrifta si rekning, utan å ha naudsynte fullmakter.
Dommen slår fast at julebord er eit jobbrealtert sosialt arrangement, og at arbeidsgjevar dermed har rett til å stille krav til dei tilsette sin åtferd.
Vidare går det fram at arbeidsmiljølova sine reglar om arbeidstakar sitt vern mot trakassering og anna utilbørleg åtferd, også gjeld på sosiale arrangement i regi av arbeidsgjevar.
Men sjølv om arbeidsgjevar kan stille krav, vil takhøgda på eit julebord vere høgare enn kva som er tilfellet ein vanleg arbeidsdag.
Gode råd til julebordet
For å sikre ei god oppleving for deg sjølv og andre, kan det vere lurt å halda seg til nokre enkle køyrereglar.
Unngå å bli overstadig rusa. Takk nei til den siste drinken, sjølv om det er jobben som tar rekninga. Ikkje tafs på kollegaene dine, særleg ikkje om du har ei leiarrolle i bedrifta. Hald slibrige kommentar for deg sjølv, og hugs at du skal kunne sjå dine kollegaer i auga dagen etter. Spar frustrasjonen over andre til ei meir passande anledning. At sjefen er ein idiot eller at kollegaene er ubrukelege, er som regel alltid eit dårleg samtaleemne på julebord. Og til slutt; vald er aldri tillate, sjølv ikkje om kollegaen går deg på nervane og har tidenes dra til-tryne.
Med det sagt – skål og god jul!
Advokat Reidun Sæle Kongsvik har kompetanse frå ulike juridiske fagfelt innan både offentleg og privat sektor. Kongsvik jobbar hovudsakeleg med fast eigedom, tingsrett, konkurs- og dødsbubehandling.
Kontakt:
Tlf.: 45 65 17 48
E-post: Reidun.kongsvik@advokat-tollefsen.no