Hanne Dale Sellevold har fått advokatbevilling
Gratulerer med advokatbevilling til vår gode kollega Hanne Dale Sellevold
Hanne starta hjå oss som advokatfullmektig i april 2023. Ho kom til oss etter å ha jobba 2 år som jurist i Bergen kommune. Hanne utmerkte seg raskt som svært fagleg dyktig og har levert framifrå arbeid i sakene ho har prosedert og arbeidd med i fullmektigperioden.
Hanne er tilknytt vår faggruppe for forretning og bidreg òg mykje til faggruppa for eigedom.
Det er med stor glede vi no kan gratulere Hanne Dale Sellevold med advokatløyve.
Ta kontakt med Hanne for god juridisk bistand innanfor fast eigedom eller forretningsjuridiske spørsmål.
hanne.sellevold@advokat-tollefsen.no
Tlf 988 69 012