Viktigheita av tilpassa leigekontraktar ved utleige av lokale
Er du klar over at du kan fråvike enkelte reglar i husleigelova ved utleige av lokale?
Fleire utleigarar nyttar likevel offentlege tilgjengelege kontraktmalar utan å ta stilling til om desse faktisk er gunstige for det aktuelle leigeforholdet.
Standard husleigekontraktar samsvarar ofte fullt ut med reglane i husleigelova. Desse kan ikkje fråvikast til ugunst for leigetakar, med mindre leigeobjektet er eit lokale. Reglane ein kan avtale seg vekk frå ved utleige av lokale er mange og praktisk viktige. Det er til dømes høve til å fråvike reglane om vedlikehaldsplikt, tilbakelevering av husrommet, depositum og garanti dersom partane ønskjer det.
Åtgangen til å fråvike husleigelova ved leige av lokale gjeld likevel ikkje vilkårslaust. Det er mellom anna forbode å avtale seg vekk frå lova sine reglar om formkrav ved oppseiing, leigeprisvernet, retten til å få tilbakebetalt ulovleg leige og enkelte prosessuelle reglar. Majoriteten av reglane i husleigelova kan likevel fråvikast dersom partane ønskjer å avtale noko anna.
Så kva er eigentleg konsekvensen av å bruke standardkontraktar ved utleige av lokale?
Dersom partane inngår ei leigekontrakt som fullt ut samsvarar med husleigelova, vil utleigar måtte etterleve reglar som gjev leigetakar eit sterkare vern. I fleire næringsforhold er ikkje dette naudsynt.
Sidan husleigelova legg opp til eit handlingsrom ved utleige av lokale, bør næringsdrivande aktivt ta stilling til korleis dette handlingsrommet bør nyttast i kvart enkelt tilfelle. Med andre ord bør ein kvar utleigar og leigetakar av næringslokale ha eit medvite forhold til leigekontraktane som vedkommande inngår.
Vi oppmodar alle selskap til å inngå leigekontraktar som på best mogleg vis oppfyller vedkommande sitt behov. Dersom ditt selskap har behov for bistand til utforming av
tilpassa leigekontraktar er de velkomne til å ta kontakt med oss.