Kva arbeidstid kan arbeidsgjevar pålegge arbeidstakar i jula?
Arbeidstid er den tida arbeidstakar står til disposisjon for arbeidsgjevar. Arbeidsmiljølova og arbeidskontrakten definerer i all hovudsak arbeidsforholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, med tillegg av potensiell tariffavtale.
Arbeidsmiljølova skal gi arbeidstakar eit minimumsvern, medan arbeidsavtalen kan gi arbeidstakar ytterlegare rettar. Arbeidstid i jula blir ofte praktisert ulikt frå arbeidsplass til arbeidsplass, men kva er eigentleg regulert i lov?
Når det gjeld arbeid i jula, så gjer lov om heilagdagar og heilagdagsfred seg gjeldande. Jula består «berre» av tre heilagdagar, 1. og 2. juledag og 1. nyttårsdag. Arbeidstakar har i utgangspunktet rett til fri på desse dagen, slik at arbeid ikkje er tillate med mindre arbeidet sin art gjer det naudsynt.
Dei andre dagane i romjula er i utgangspunktet ordinære arbeidsdagar, med nokre små unntak:
Julaftan er ikkje ein lovbestemt heilagdag, og arbeidsgjevar kan pålegge arbeidstakar å jobbe denne dagen. I arbeidsmiljølova står det at det skal vere fri etter kr. 15.00 på julaftan, fram til kl. 22.00 dagen før neste verkedag, jf. aml. § 10-10.
Nyttårsaftan er heller ingen heillagdag, og her føreligg det heller ingen særskilte rettar utover arbeidsmiljølova sine reguleringar om arbeidstid. Sidan det er heilagdag dagen etter, er arbeid etter kl. 18.00 ikkje tillate, jf. aml. § 10-10.
Når det gjeld lønn, så har arbeidstakar med fastlønn rett til same månadslønn uavhengig av kor mange heilagdagar det er i ein månad. Arbeidstakar med timelønn har i utgangspunktet rett til lønn for dei dagane dei jobbar. På heilagdagar skal ein i utgangspunktet ikkje jobbe, og følgjeleg har ein ikkje rett til lønn. Her kan ein ha avtala seg til noko anna, og då går arbeidsavtalen føre arbeidsmiljølova så lenge det er til gunst for arbeidstakar.
Når det gjeld spørsmål om arbeidstakar kan avspasere i jula, så vert dette regulert i arbeidskontrakten, t.d. gjennom ordninga om fleksibilitet. Arbeidsmiljølova regulerer ikkje avspasering, og arbeidsgjevar kan difor pålegge arbeid i romjula dersom avspasering ikkje er regulert i arbeidskontrakten.
Julearbeidet bør p.t. vere avklart – men dersom ikkje, så bør det gjerast omgåande sidan det berre er åtte dagar til jul.
God jul!
Advokat og partnar Silje Flugheim Heggestad har brei kompetanse frå ulike juridiske fagfelt, og bistår klientar mellom anna med spørsmål innanfor kontrakt- og selskapsrett, transaksjonar og arbeidsrett.
Kontakt:
Tlf.: 91 64 40 35
E-post: silje@advokat-tollefsen.no