Aksjeselskap - gir det eigentleg tryggleik mot ansvar?
Av: Jan Tollefsen
Då kravet til aksjekapital vart redusert frå 100 000 kr til 30 000 kr i 2012, valde mange å gå over frå enkeltpersonføretak til aksjeselskap. Hovudfordelen med aksjeselskap er at du som eigar ikkje er personleg ansvarleg for selskapet sine gjeld og forpliktingar, i motsetnad til enkeltpersonføretak der du heftar med eigen økonomi.
Men å drive verksemd gjennom eit aksjeselskap betyr ikkje at du er heilt skjerma frå ansvar. Både dagleg leiar og styremedlemmar kan bli personleg ansvarlege for tap verksemda påfører kundar, leverandørar og andre samarbeidspartnarar, særleg i tilfelle der selskapet går konkurs.
Domstolane har fleire gonger slått fast at leiinga i aksjeselskap kan bli personleg ansvarleg dersom dei har handla uaktsamt. Aksjelova § 17-1 pålegg mellom anna styremedlemmar og dagleg leiar å betale erstatning dersom dei påfører nokon skade med vilje eller ved uaktsam åtferd.
Eit døme er ei sak frå Gulating lagmannsrett, der ein handverkar vart personleg ansvarleg for over 3 millionar kroner i erstatning etter å ha utført arbeid på ein slurvete måte. Sjølv om arbeidet vart gjort gjennom eit aksjeselskap, måtte handverkaren betale erstatning då selskapet gjekk konkurs.
I ei anna sak frå Hålogaland lagmannsrett vart dagleg leiar og styret gjort ansvarlege for å ha halde fram drifta trass i at selskapet ikkje hadde nok eigenkapital. Resultatet var at dei måtte betale kunden over 1,3 millionar kroner i erstatning.
Desse døma viser at leiinga i eit aksjeselskap har ansvar for å drive forsvarleg og sikre at selskapet har nok eigenkapital til å kunne betale rekningar og møte sine forpliktingar. Om kapitalen blir for låg, er dei plikta til å kalle inn eigarane for å vurdere tilførsel av meir kapital – eller i verste fall avvikle selskapet.
Så svaret er nei: Aksjeselskap gir ikkje ein full tryggleik mot ansvar.
Advokat Jan Tollefsen har lang og brei erfaring med rådgjeving og tvisteløysing med hovudvekt på kontraktsrett og selskapsrett, med særleg vekt på kontraktsforhandling.
Kontakt:
Tlf.: 91 35 93 29
E-post: jto@advokat-tollefsen.no