Plikt til å registrere reelle rettshavarar

Har du registrert relle rettshavarar?

Frå og med 1. oktober 2024 trådde det i kraft eit nytt krav om å registrere reelle rettshavarar i norske verksemder, sokalla «UBOs» (ultimate beneficial owners). No har selskap og andre juridiske einingar fått plikt til å registrere kven som eig og kontrollerer verksemda, med ein frist på åtte månader før alle må vere i samsvar innan 31. juli 2025.

Dette er eit viktig tiltak for å skape større openheit og sikre rettferdige konkurransevilkår i næringslivet.

Som Finansminister Trygve Slagsvold Vedum har uttalt:

«Dette registeret blir eit viktig våpen for styresmakter, finansføretak og fleire andre aktørar i kampen mot økonomisk kriminalitet og terrorfinansiering.»

Ein UBO, eller reell rettshavar, er ein person som direkte eller indirekte oppfyll ein eller fleire av følgjande kriteria:

-          Eig meir enn 25 % av aksjane i selskapet

-          Kontrollerer meir enn 25 % av stemmerettane

-          Har rett til å utpeike eller avsette meir enn halvparten av styremedlemmene

-          Har innverknad eller kontroll på andre måtar, til dømes gjennom ein aksjonæravtale

UBO-registeret vil gi meir innsyn i kven som faktisk har innverknad over verksemdene, og vil på den måten bidra til å redusere misbruk av selskap til ulovlege føremål.

Kvifor er dette viktig for di verksemd? Med det nye UBO-registeret får ein tilgang til opplysningar om eigarskap og kontroll over verksemder som driv aktivitet i Norge. Dette inkluderer alt frå aksjeselskap og stiftingar til utanlandske trusts med aktivitet her i landet. Formålet er å styrkje kampen mot økonomisk kriminalitet, og verksemder som ikkje registrerer reelle rettshavarar innan fristen risikerer tvangsmulkt og andre sanksjonar.

Vår oppfordring er; Ikkje utsett dette! Ta kontakt med en juridisk rådgjevar i dag for å sikre at verksemda di er i samsvar med dei nye reglane, og ver med på å skape eit tryggare og meir gjennomsiktig næringsliv i Sogn og Fjordane.

Kilder: https://www.brreg.no/reelle-rettighetshavere/

 
 

Kristine Geirsdatter Celius er partnar i Advokatfirmaet Tollefsen og er faggruppe leiar for faggruppa forretning. Celius jobbar innanfor kontraks og selskapsrett, immaterialrett, fast eigedom og tingsrett samt på tvers av firmaet sine forretningsområder.

Treng du bistand eller ynskjer du rådgjeving?

 
 
Forrige
Forrige

Kan arbeidsgjevaren protestere på sjukemeldinga di ? 

Neste
Neste

Open advokatdag for medlemer i Huseierne