Kven kan saksøke når fellesareal er mangelfulle?
Du har kanskje opplevd å kjøpe leilegheit i eit eigarseksjonssameige og seinare oppdaga manglar i fellesareal. Dersom utbyggjarselskapet har dårleg økonomi, kan det vere aktuelt å gå til søksmål mot leiinga i utbyggingsselskapet etter regelen om styreansvar i aksjelova for å få tilkjent erstatning. Tidlegare har det vore uklart kven som faktisk kan gå til søksmål mot leiinga i slike tilfelle. No har det kome ei avklaring på dette viktige spørsmålet.
Høgsterett si avgjerd
Høgsterett tok nyleg stilling til om kvar enkelt seksjonseigar må gå til søksmål ved manglar i fellesareal eller om styret kan reise søksmål på vegne av alle seksjonseigarane. Fråsegn i lovforarbeida tilsa at det var naturleg å krevje at kvar enkelt seksjonseigar måtte gå til søksmål. Dette gjev imidlertid ei mindre praktisk løysing.
Høgsterett konkluderte med at styret i eit eigarseksjonssameige kan gå til søksmål for påviste manglar i fellesareal når leiinga i utbyggingsselskapet kan haldast ansvarlege etter regelen om styreansvar. Retten la vekt på at føremålet med lova var å forenkle forholda for seksjonseigarar. Dermed får styre i eigarseksjonssameige ein klar rett til å handle på vegner av fellesskapet.
Kva inneber dette i praksis?
Høgsterett si rettsavklaring vil medføre ein viktig sikkerheitsventil for styre i eigarseksjonssameige. Heilt konkret inneber avgjersla at:
· Styret kan gå til søksmål på vegne av alle seksjonseigarane, utan at kvar enkelt må ta rettslege skritt.
· Tvistar om feil og manglar i fellesareal kan få ei klarare og meir effektiv handtering.
Høgsterett si avgjerd kan du lese her: hr-2025-451-a.pdf
Advokat Hanne Dale Sellevold har kompetanse frå ulike juridiske fagfelt, hovedsakleg innanfor erstatningsrett, forvaltningsrett, offentlige anskaffelser og spørsmål knytt til fast eigedom.
Ho bistår i løysing av juridiske problemstillingar på fleire ulike rettsområde.
Hanne Dale Sellevold er tilknytta faggruppa forretning.
Kontakt:
Tlf.: 98 86 90 12
E-post: hanne.sellevold@advokat-tollefsen.no