Nye partnarar i Advokatfirmaet Tollefsen

Advokat Silje Flugheim Heggestad (t.v) og advokat Kristine Celius

Advokatfirmaet Tollefsen er stolt av å kunne annonsere at vi har utnemnt to nye partnarar og dermed utvidar vi partnergruppa frå tre til fem partnarar. Det er advokat Kristine Celius og advokat Silje Flugheim Heggestad som kjem nye inn som partnarar frå 1. juli 2023.

«Vi er svært begeistret og jeg er stolt og glad for å få med meg så dyktige advokater som advokat Celius og advokat Heggestad i partnergruppen» seier styreleiar Jan Tollefsen, som i si tid starta Advokatfirmaet Tollefsen i 1990.

Dei har begge lang fartstid i firmaet og er dyktige innanfor sine fagfelt, som i all hovudsak ligg innanfor forretning og eigedom. Å ta opp partnarar som utmerkar seg innanfor desse fagområda er i tråd med firmaet sin strategi for vidare satsingsområde.

Advokat Kristine Celius har vore tilsett som advokat sidan 2017, og har hatt ei sentral rolle i forretningsgruppa til Advokatfirmaet Tollefsen der ho siste åra har vore leiar. Ved sidan av arbeidet med forretning, er ho ein del av vårt team for fast eigedom og tingsrett, og har visst seg svært fagleg dyktig også på dette området. Celius er i tillegg leiar av faggruppe eigedom i det landsomfattande advokatnettverket Eurojuris som Advokatfirmaet Tollefsen er medlem i.

Advokat Silje Flugheim Heggestad har også vore tilsett som advokat sidan 2017, men kom til firmaet som advokatfullmektig allereie i 2015. Heggestad arbeider saman med Celius i forretningsgruppa, og er i tillegg leiar for teamet som jobbar med konkurs- og bubehandling. Heggestad har opparbeid seg høg kompetanse innanfor kontrakt- og selskapsrett, samt arbeidsrett.

Jan Tollefsen, styreleiar

 
De har begge imponert meg med sin innsats og faglig innsikt og forslag til løsninger. Med å utvide partnergruppen med Kristine og Silje på laget, så ser jeg lyst på fremtiden til Advokatfirmaet Tollefsen.
— Jan Tollefsen, styreleiar

Både Celius og Heggestad har brei juridisk kompetanse frå ulike fagfelt. I dag bistår dei i all hovudsak næringslivsklientar med forretningsjuridiske spørsmål, der dei leverer juridisk rådgjeving og tenester med høg kvalitet.

Saman vil Celius og Heggestad si inntreden som partnarar, styrke Advokatfirmaet Tollefsen si vidare satsing på å være ein føretrekt rådgjevar og juridisk bidragsytar til heile næringslivet i heile regionen Sogn og Fjordane.