Å melde eller ikkje melde

Kvar einaste dag skjer det lovbrot i Norge. For den som blir utsett for ei straffbar handling kan det vere vanskeleg å ta stilling til kva vedkommande skal gjere. Bør ein melde ei sak? Kva skjer dersom ein melder saka? Har ein rett til å snakke med advokat?

Enkelte sakstypar gjev den fornærma krav på advokatbistand for å vurdere om eit straffbart forhold skal meldast til politiet. Eitt av desse tilfella er dersom ein har vore utsett for ei valdtekt. Her skal det offentlege dekke inntil tre timar advokatbistand slik at den fornærma kan få hjelp til å vurdere ulike forhold før hen tek stilling til om saka skal meldast til politiet.

Det offentlege betalar advokatbistanden uavhengig av om ein faktisk ender opp med å melde forholdet.

Ein samtale med advokat i forkant av ei eventuell melding kan vere nyttig. Advokaten kan mellom anna gje informasjon om prosessen, korleis politiet jobbar og kven det kan vere aktuelt å avhøyre.

Vurdering av bevis er det også viktig å snakke om. Den totale bevissituasjonen er avgjerande for om saka blir lagt bort av politiet eller resulterer i eit tiltalevedtak. Det kan og vere ei påkjenning å stå i ei slik sak. Både å gje si eiga forklaring og eventuelt høyre på den tiltala si forklaring kan vere krevjande for mange. Ein del av advokaten sin jobb er å informere den fornærma om kva som skjer etter at ei sak blir meldt til politiet og realitetsorientere fornærma om kva det vil krevje å eventuelt stå i ei straffesak.

Vi høyrer ofte at mange valdtektssaker blir lagt vekk av politiet. Kva seier eigentleg statistikken? På landsbasis blei det i 2022 meldt 7400 seksuallovbrot til politiet, der 1600 av desse omhandla valdtekt. Talet på registrerte meldingar på valdtektssaker året før var oppe i 2581. Av dei totalt 8006 meldte seksuallovbrota i 2021, enda 6166 av sakene med tiltalevedtak. Kor mange av desse som gjeld valdtekt, seier ikkje tala noko om.

Tal frå SSB syner likevel at av dei 974 seksuallovbrota som Vest politidistrikt etterforska same år, vart berre 60% oppklart.

Statistikken viser altså at ein stor del av saker som gjeld seksuallovbrot vert lagt vekk.

Kva betyr det så at ei sak blir lagt vekk? Betyr det at politiet ikkje trur på fornærma? Betyr det at det straffbare forholdet ikkje har skjedd? Ei melding kan bli lagt vekk av ulike årsaker, og ofte blir saka lagt vekk etter «beviset si stilling». At saka vert lagt vekk på dette grunnlaget betyr ikkje at meldar ikkje vert trudd av politiet, men at bevisa ikkje er gode nok. I valdtektssaker er det ofte få vitne, og forklaringane til den fornærma og mistenkte er ulike. Den mistenkte kan gjerne ha oppfatta at den fornærma var med på handlinga, medan den fornærma meiner at det ikkje var tilfelle. Då blir det ofte ord mot ord. Dersom alkohol har vore involvert, kan det også hende at ingen av partane hugsar alt som har skjedd.

For at politiet skal treffe eit tiltalevedtak må det eksistere bevis som gjer at den tiltala kan bli dømt for det straffbare forholdet. I mangel av andre bevis som støttar den fornærma si forklaring, kan det vere vanskeleg å ha gode nok bevis til å reise tiltale. Det strafferettslege beviskravet er strengt og medfører at ein kvar rimeleg og fornuftig tvil skal kome tiltalte til gode. Det må difor vere bevist ut over ein kvar rimeleg tvil at tiltalte utsette den fornærma for ei valdtekt.

Så kva skal ein gjera? Melde eller ikkje melde saka til politiet? Seksuallovbrot, deriblant valdtekt, er alvorlege straffbare handlingar. På bakgrunn av dette bør slike lovbrot meldast til politiet. Dersom saka blir meldt kort tid etter at valdtekta skjedde er det også ofte enklare for politiet å etterforske saka, dømevis fordi politiet kan avhøyre gjerningspersonen på eit tidspunkt då vedkommande hugsar hendinga tydeleg.

Det er likevel ikkje noko fasitsvar på om ein skal melde saka til politiet eller ikkje. Personar som har vore utsett for ei valdtekt kan ha ulike synspunkt på om og kvifor dei ynskjer å melde forholdet. Dei fleste ynskjer at gjerningspersonen vert domfelt og straffa for det vedkommande har gjort. Nokre er mest opptekne av å signalisere til overgripar at det som har skjedd ikkje var greitt. Eit slikt signal vil overgriparen få ved at saka vert meldt, uavhengig av om saka vert lagt bort av politiet. Andre vel å ikkje melde straffbare forhold til politiet til dømes fordi dei er redde for å ikkje bli trudd og fryktar at saka vert lagt vekk.

Dersom hendinga vert meldt til politiet kan det bidra til å avdekke straffbare forhold mot andre personar. Kanskje det er andre offer der ute som blir identifiserte under etterforskinga? Å melde ei valdtekt til politiet vil dessutan vere med på å forhindre mørketal og kan bidra til at den fornærma klarer å gå vidare. Vidare er det krav om at eit straffbart forhold er meldt til politiet for at offeret skal kunne søke om valdsoffererstatning frå staten i ettertid.

Det er ofte summen av alle desse momenta som avgjer om den fornærma vel å melde ei valdtekt. Dersom den fornærma melder ei valdtekt, utløyser dette krav på ein bistandsadvokat betalt av det offentlege. Om saka ender opp med å bli lagt bort av politiet kan bistandsadvokaten også hjelpe med å klage på dette. Det er viktig å kjenne til desse rettane, slik at ein kan få hjelp dersom det ein gong blir naudsynt.

 

 
 

Treng du bistand eller ynskjer du rådgjeving?

Fyll ut kontaktskjema og vi tek kontakt med deg så snart vi kan:

Advokatfullmektig

Hanne Dale Sellevold

Hanne Dale Sellevold er ny advokatfullmektig hos Advokatfirmaet Tollefsen AS. Ho har master i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen, med valfag i politirett og påtalerett, og masteroppgåve om strafferett og menneskerettar. Foto: Advokatfirmaet Tollefsen