Lov og rett i naboforhold

 

Sola skin og nordmenn har for lengst trekt ut av husa sine for å nyte late dagar i solstolen. For nokre blir likevel idyllen øydelagt av irritasjon over naboen. Kanskje har du opplevd at naboen sitt tre skuggar for sola, at grasklipparen durar til alle døgnets tider eller at røyklukta frå naboens kolgrill breier seg ut over hagen din. Sommaren er høgsesong for nabokonfliktar.

Men kva må du som nabo finne deg i?
Nabolova set grenser for korleis naboar kan oppføre seg. Den viktigaste føresegna finn vi i lovas § 2 som stiller opp ei generell norm for kva som er tillate, basert på ei interesseavveging. Føresegna seier at ingen må «ha gjera eller setja i verk noko som urimeleg eller uturvande er til skade eller ulempe på granneeigedom». Som nabo må ein altså finne seg i ein del, og det er først når tolegrensa er overskride at forholdet blir rekna som lovstridig.

Nærare om tolegrensa

Det naboen blir beskytta mot er skade eller ulempe som er «urimeleg» eller «uturvande». I avgjerda av om noko er urimeleg eller uturvande, skal det leggjast vekt på kva som er teknisk og økonomisk mogeleg å gjere for å hindra eller avgrensa skaden eller ulempa.

Omgrepet «uturvande» tyder unødvendig. Det omfattar først og fremst skadar og ulemper som blir påført i tankeløyse eller rein sjikane. Omgrepet vil også omfatte tiltak som har eit fornuftig føremål, men der ulempene eller skadane kunne vore eliminert eller redusert. Til dømes kan støy frå naboens varmepumpe bli rekna som «uturvande» dersom ulempene enkelt hadde blitt redusert ved at varmepumpa blei flytta nokre meter lenger bort frå nabogrensa.

Om noko er «urimeleg» må avgjerast etter ei konkret vurdering, der det mellom anna skal leggjast vekt på kva som er venteleg etter tilhøva på staden. Den som har busett seg i eit landbruksdistrikt må til dømes tole meir når det gjeld støy og lukt knyta til dyrehald, enn den som bur i eit etablert byggjefelt. På same måte må den som kjøper ei sentrumsleilegheit tole ein del støy knyta til utelivsverksemd i området.

Lovas tolegrense er objektiv. Det betyr at det i vurderinga av om ei støyande verksemd er lovstridig, ikkje skal leggjast avgjerande vekt på at naboen er særleg støyømfintleg. Når tolegrensa skal fastsetjast, er det relevant å sjå hen til om ulempene er av midlertidig eller permanent art. Ein må som regel tole noko meir når ulempene er forbigåande.

Tre og hekk

Tre som skuggar for sola eller fører til tap av utsikt er ofte ein kime til konflikt i naboforhold. Nabolova §§ 3 og 12 har særreglar som regulerer slike situasjonar.

For tre, greiner og røter som veks inn over nabogrensa, gjev nabolova § 12 rett til å kutta eller skjera av etter grenselina. Dette gjeld likevel berre dersom treet eller røtene gir nemneverdig skade og ulempe, og naboen har fått varsel, men likevel ikkje fjerna vekstane innan rimeleg tid. Det er verd å merke seg at føresegna ikkje gjeld såkalla merketre, og heller ikkje der det er skog på begge sider av nabogrensa.

For tre som ikkje veks inn over nabogrensa, men som likevel er til sjenanse for naboen, har nabolova § 3 ein særregel. Slike tre kan krevjast fjerna dersom dei står nærare naboens «hus, hage, tun eller dyrka jord» enn tredjeparten av trehøgda. I tillegg er det eit vilkår at treet er til skade eller særleg ulempe for naboen. Typisk dreier det seg om ulemper i form av tap av sol, utsikt eller nedfall av lauv på eigedomen. Eigaren har likevel lov til å ha treet ståande dersom det er «nemnande om å gjera for eigaren eller for naturmangfaldet på staden». Det kan til dømes vere at treet gjev viktig skjerming mot vêr og vind og mot innsyn, eller at treet har særleg verdi for fuglelivet på staden.

Når det gjeld tre som har funksjon som hekk, har nabolova § 3 andre ledd ein regel som seier at hekk lågare enn to meter ikkje er ulovleg etter føresegna. Dersom hekken har funksjon som nabogjerde, er det dessutan ikkje nabolova, men grannegjerdelova som regulerer eventuelle tvistar.

Nabolova § 3 gjev ingen rett til å gå inn på naboens eigedom for å felle tre eller greiner. Dersom naboen ikkje etterkjem krav om å fjerne treet, må ein eventuelt gå vegen om rettsapparatet for å få dom mot naboen med pålegg om fjerning. Det er straffbart å ta seg til rette på naboeigedomen for å felle tre. I tillegg risikerer ein å bli dømt til å betale erstatning med nokså store summar. I ein dom frå 2008 blei erstatningsbeløpet sett til kr 65 000 for ulovleg felling av ei 10 meter høg furu. Dersom det dreier seg om felling av ei større mengde tre, finn ein døme i rettspraksis på at erstatningsbeløpet har blitt sett til fleire hundretusen kroner.

Støy

Nabolova har ingen særreglar som regulerer kva støy naboen må tole. Ved vurderinga må ein difor falle tilbake på den generelle tolegrensa i lovas § 2. Generelt kan det seiast at ein i naboforhold må finne seg i ein del støy. Naboen sin alminnelege bruk av grasklippar, born som leikar eller støy i samband med oppussing, ligg normalt innanfor lovas tolegrense.

På søndagar og andre heilagdagar slår likevel lov om heilagdagsfred § 3 fast at ingen må forstyrre heilagdagsfreden med «utilbørlig larm». Bruk av motorsag eller grasklippar kan difor etter omstenda vere ulovleg. Støy som forstyrrar omgjevnadene sine nattero er dessutan straffbart etter straffelova § 181.

Det er vidare viktig å vere klar over at enkelte sameiger og burettslag kan ha fastsett eigne vedtekter om stilletid som må respekterast. Det er nokså vanleg med vedtekter som bestemmer at det skal vere stille etter kl. 23 på kvardagar.

Dersom du står i nabokonflikt

Det kan vere krevjande å stå i ein nabokonflikt, særleg over tid. For enkelte går det så langt at det dårlege naboforholdet fører til tap av livskvalitet. Det beste rådet til den som står i ein konflikt, er å gå i dialog med naboen for å forsøke å finne ei løysing som begge partar kan leve med. Ofte vil ein oppleve at det gjennom god og sakleg dialog, er mogleg å kome til ei semje. Der situasjonen er fastlåst, kan det vere lurt å søkje råd for å få vurdert si eiga rettsstilling og handlingsalternativ. Å «ta saka i eigne hender» vil sjeldan vere å anbefale. Det kan ofte føre til at konflikten eskalerer, og vil dessutan kunne medføre både erstatnings- og straffeansvar. 

Advokat Reidun Sæle Kongsvik er tilsett i Advokatfirmaet Tollefsen AS, Kongsvik arbeider i faggruppa eigedom, og i hovudsak med saker innanfor fast eigedom, tingrett, konkurs- og dødsbuhandsaming

Denne artikkelen stod på trykk i spalta Lov og Rett i Sogn Avis 24.06.23

 

Dersom du lurer på noko kring arbeid i ditt nabolag, nabokrangel eller kva rettighetar om eit tre står i vegen.

Våre advokater kan hjelpe, ta kontakt med oss ved å fylle inn dette skjema: