Møt vår trainee - Eline Ylvisåker

Eline Ylvisåker

Eline Ylvisåker kjem frå Sogndal, og til vanleg å finne på Universitetet i Bergen, på tredje året ved det juridiske fakultetet. Ved sidan av studiet har ho også hatt ei delttidsstilling hos Wikborg Rein.

Når Eline skulle ut og søke etter traineeopphald, så søkte ho seg tilbake til heimstaden sin Sogndal og Advokatfirmaet Tollefsen AS.

Eline seier at ved å søke seg til eit lokalt advokatfirma, vil ho få innsikt i korleis det er å arbeide i eit av dei større advokatfirma på lokalt nivå kontra dei store på nasjonalt nivå. Ho meiner også at satsinga vår mot rettstenester for privatpersonar og næringslivet gjev ho eit inntrykk av at vi sit på ei brei kompetanse som verkar spanande for ein jusstudent som skal ut å prøve seg i bransjen.

Eline blir også å finne på vårt kontor i Sogndal i sommar, då ho har takka ja til å være sommarvikar etter at traineeopphaldet våren 2023 er ferdig.

Vi er svært glad for at Eline valgte oss og ynskjer ho velkommen!