Tvisteløysing og mekling

Treng du bistand til å løyse ein pågåande tvist? Vi kan hjelpe deg!

Vi bistår klientar i utanrettslege prosessar, gjennom mekling og ved ordinær domstolsbehandling.  

Kva meinast med mekling? 

Mekling er ein alternativ tvisteløysingsmetode i regi av ein nøytral tredjepart. Mekling kan både skje utanrettsleg og i regi av domstolane gjennom såkalla rettsmekling.  
 
Felles for mekleprosessane er at dei opnar for at partane kan framforhandle ei løysing utan at ein er fullt ut bundne av kva som er det korrekte rettslege resultatet.  
 
I sivile saker har domstolane ei plikt til å vurdere om det er aktuelt å gjennomføre rettsmekling etter innsendt stemning. Forlik i utanrettsleg mekling vil ha verknad som ein ordinær avtale mellom partane. Ved rettsmekling vil eit rettsforlik vere bindande for partane på same måte som ein rettskraftig dom og berre endrast gjennom rettsleg gjenopptaking av saka. Dersom partane ikkje einast om eit forlik ved rettsmekling held vidare behandling fram i domstolane.  
 
Mekling kan både vere kostnadssparande, konfliktdempande og gje partane moglegheit til å finne gode og kreative løysingar. Meklingsprosessar er i tillegg ofte mindre tidkrevjande enn ordinære hovudforhandlingar i domstolane.  

Tvisteløysing i domstolane 

Vi er opptekne av å løyse tvistar utanrettsleg såframt dette er mogleg, men i enkelte tilfelle er det naudsynt å få saka avgjort av domstolane. Ved ordinær tvisteløysing i domstolane oppnår partane ei avklaring på kva som er det riktige rettslege resultatet. Vi har advokatar med kompetanse innanfor ei rekke rettsområde og lang erfaring med å prosedere saker for domstolane.  
 
Vi vil fortløpande vurdere korleis tvisten din kan løysast på best mogleg vis. Ta kontakt med oss i dag for ein uforpliktande samtale om di sak.   
 

Våre forretningsadvokatar