Sameige, eigarseksjonssameige og andre bustadselskap
Sameige
Har du utfordringar knytt til rettar og plikter i eit sameige? I eit sameige eig fleire personar ein eigedom saman, for eksempel nokon som saman har arva ei hytte. Dette kan føre til ulike juridiske problemstillingar. Advokatfirmaet Tollefsen kan hjelpe med:
Løysing av tvistar: Vi bistår i konflikter om bruk av sameigeobjektet, utgiftsfordeling og andre uenigheter som kan oppstå mellom sameigarane.
Oppløysing av sameige: Når det er naudsynt å avslutte sameiget, kan vi bistå i forhandlingar og eventuelt tvangsoppløysing av sameiget.
Eigarseksjonssameige
Er du seksjonseigar eller representerer du eit eigarseksjonssameige? Vi tilbyr spesialisert juridisk bistand for å handtere dei særegne utfordringane knytt til eigarseksjonssameige:
Seksjonering: Vi hjelper med å seksjonere eigedomar, inkludert utarbeiding av nødvendige dokument og innhenting av offentlege løyve.
Rådgjeving for styre og seksjonseigarar: Vi gir råd om rettar og plikter i eit eigarseksjonssameige, og bistår ved konfliktar.
Utforming av vedtekter: Vi utformar klare og gode vedtekter som regulerer drifta av sameiget, og som sikrar at alle partar sine interesser vert ivaretekne.
Forretningsførsel og årsmøter: Vi kan bistå med å sikre korrekt forretningsførsel og gjennomføring av årsmøter i samsvar med lovverket og vedtektene.
Handtering av mislighald: Vi tilbyr støtte og rådgjeving når seksjonseigarar ikkje oppfyller sine plikter.
Andre bustadselskap
Vi bistår også andre bustadselskap, slik som andelslag, burettslag og bustadstiftelsar.
Advokatfirmaet Tollefsen har lang erfaring med å sikre at våre klientar sine rettar vert ivaretekne på best mogleg måte. Vi bistår klientar over heile Sogn og Fjordane. Ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale om korleis vi kan hjelpe deg.
Tlf.: 98 86 90 12
hanne.sellevold@advokat-tollefsen.no