Landbruk

Landbruket er ein viktig del av vårt samfunn, og vi forstår dei unike juridiske utfordringane du kan møte som bonde eller grunneigar.

Vi bistår med rådgjeving og representasjon i saker som omhandlar kjøp og sal av landbrukseigedomar, jordleigeavtalar, miljøkrav og anna landbruksrelatert jus.

Odels- og åseterett

Odels- og åseterett er ein viktig del av norsk rett, med røter langt tilbake i tid. Odelsretten gir slektningar rett til å ta over familiegarden, medan åseteretten sikrar at garden kan overførast til ein arving på ein økonomisk forsvarleg måte.

Vi tilbyr rådgjeving og bistand i spørsmål om odels knytt til odels- og åseterett.

Generasjonsskifte i landbruket

Generasjonsskifte i landbruket kan vere komplekst og krev nøye planlegging for å sikre ein smidig overgang. Vi hjelper til med å planlegge generasjonsskifte, sikring av økonomisk tryggleik for både avtroppande og påtroppande generasjonar, og sørgjer for at alle juridiske aspekt vert ivaretekne.

Jordskifte

Jordskifte er ein prosess som bidreg til å fordele og omfordele eigedomar for å betre eigedomsstrukturen og fremje effektiv bruk av jorda. Vi bistår med rådgjeving og representasjon i jordskifteretten, inkludert forhandlingar, rettslege prosessar og gjennomføring av jordskiftevedtak.

Våre advokatar har kontor i Sogndal, Førde og Florø, og bistår klientar i heile Sogn og Fjordane.

Relatert

Våre eigedomsadvokatar