Jens Davidsons veg 6 A, 6884 Øvre Årdal

KOMPLETT SALSOPPGÅVE FOR EIGEDOMMEN

Jens Davidsons veg 6A, 6882 Øvre Årdal

Vis i kart


3-roms andelsleilegheit i første etasje i Sauekvei burettslag

2 soverom | sentralt | biloppstilling

Sentral og praktisk tre-roms leilegheit i Øvre Årdal med nærheit til dei fleste fasilitetar. Romslege soverom, og leilegheita har totalt sett grei standard. Kjøkkenet er frå ca 2010, og terassen oppført i 2008/2009.

For vesentlege opplysningar om leilegheita vert det vist til tilstandsrapporten med vedlegg.

Ta kontakt for visning.

 
  • Primærrom:
    67 m2

    Bruksareal:
    67 m2

    Soverom:
    2

    Bustadtype:
    Andelsleilegheit

    Byggeår:
    1959

    Etasje:
    1

  • Totale kostnader

    1 000 000,- (Prisantydning)

    Omkostninger (ved prisantydning)

    11 785.-

    Fellesgjeld

    411 414,-

    -------

    1 423 199,- (Totalpris inkl. omkostninger ved prisantydning)

    Formuesverdi 250 000,-

  • Bodgjeving

    Første bod skal gjevast skriftleg og legitimert til advokat. Dette gjer ein enkelt elektronisk ved å klikke på "gi bud" knappen på finn.no, via nettsida vår, eller på bodskjema vedlagt salsoppgåva.

    Bodgivar må fylla ut navn og telefonnummer på kontaktperson i bank som kan stadfeste finansiering av bodsummen. Dette skal fyllast inn i bodskjemaet.

    Seinare bod kan gjevast per SMS eller via "gi bud" knappen på annonsa. Advokat skal så snart som muleg stadfeste skriftleg ovanfor bodgjevar at bod er motteke.

    Vær merksam på at ein finansieringsplan ikkje er eit finansieringsforbehald. Dersom det syner seg at ein bodgivar ikkje kan ordna med finansiering, er bod gitt i konkurranse med denne bodgivar like fullt bindande.

    På oppmoding frå advokat må finansiering av overbod umiddelbart kunna dokumenterast.

    Bindingsfrist for bod er minimum 6 veker. Dette gjeld også frå tidspunktet ein aukar bodet.

    For å være garantert å bli kontakta ved bodauke, må ein sjølv ha hatt høgaste bod på bustaden.

    Ved ein eventuell bodrunde kan advokat setta ein frist for tilbakemelding av bod som ein vil ta i betraktning. Dersom andre interessentar ikkje byr over høgaste bod innan ein slik frist, kan advokat såleis avslutta bodrunden, og deretter nekta å ta omsyn til høgare bod.

    Når advokat har motteke eitt eller fleire bod som bør bli godteke, skal han straks føreleggja boda for saksøkjaren med spørsmål om saksøkjar vil krevje bodet som stadfesta.

    Det blir presisert at siste bod frå bodgjevar som har det høgaste bodet, vil bli stadfesta, og det må stadfestast på bodskjema og orginal skal leverast/sendast til advokat.

    Kopi av bodjournalen skal gjevast til kjøpar utan ugrunna opphald etter at handel er kome i stand. Eventuelle rettingar i bodjournalen, jf. § 3-1, skal framkoma tydeleg av slik kopi.

    Bodgjevaren sin identitet i bodjournalen skal ikkje nyttast til anna enn å ivareta partane sine interesser i handelen.

    Etter at handelen er komen i stand, eller dersom ein bodrunde blir avslutta utan at handel er komen i stand, kan den som har lagt inn bod på eigedommen krevje kopi av bodjournalen i anonymisert form.

    Blancoskøyte blir ikkje utsteda.

  • Salstype:

    Tvangssal vedtatt av Sogn og Fjordane tingrett, sak nr. 24-035872TVA-TSOF/TSOG, med advokat Silje Flugheim Heggestad oppnemnt som rettsleg medhjelpar.

    Nemning:

    Andelsleilegheit i Årdal kommune. Sauekvei Burettslag, org. nr. 953 951 908, Gnr 9, bnr 410, andelsnr 1.

    Adresse:

    Jens Davidsons veg 6 A, 6884 Øvre Årdal

    Kort beskriving:

    Leilegheita ligg i 1. etasje og har 2 soverom, stove, kjøkken, bad og tilgang på 2 boder i kjellar og lagerplass på felles loft. Det er også felles vaskerom og tørkerom i kjellar.

    Plassering:

    Sentral plassering med butikkar og skule i nærområdet. Gode turmoglegheiter like ved.

    Parkering:

    Felles parkeringsplass utanfor blokk.

    Standard:

    Interessenter vert oppmoda til å undersøke bustaden grundig før det vert lagt inn bod.

    Sjå eigen link nedanfor under “dokumenter og vedlegg” der fullstendig salgsoppgave kan lastast ned.

  • Ta kontakt med Advokat Silje Flugheim Heggestad ved spørsmål om eigedomen

Kontakt advokat:

Forrige
Forrige

Storøyni 4 B, 6884 Øvre Årdal