Verdas IP-dag  26. april: Musikk, identitet og immaterielle rettar

Laurdag 26. april feirar vi World Intellectual Property Day – Verdas IP-dag. Årets tema er

"IP and Music: Feel the Beat of IP"

I ei tid der musikk strøymer over landegrensene og lydbiletet formar kvardagen vår, minner Verdas IP-dag oss på kor viktig det er å ta vare på skaparkrafta – og på rettane som vernar den.

Musikk er meir enn underhaldning. Som WIPO seier i årets kampanje: "Music is the heartbeat of life." Musikk uttrykker kjensler, kultur og identitet, og det er gjennom immaterielle rettar at artistar, komponistar og produsentar kan få den anerkjenninga og verdien dei fortener.

Sjå videoen frå WIPO her: Music is the heartbeat of life – World IP Day 2025

Opphavsrett, varemerke og kontraktar er grunnsteinar som sikrar at kreativitet kan blomstre, og at musikkbransjen kan utvikle seg i takt med nye teknologiar og lyttarvanar.

Vestland og Sogn og Fjordane er rike på musikkglede og sterke kulturtradisjonar. Førdefestivalen feirar i år sitt 35-årsjubileum med temaet "Musikk og språk." Festivaldirektør Sølvi Lien peikar på at både språk og folkemusikk fortel kvar vi høyrer til – dei gir oss ein kulturell identitet som kan skape samhald og styrke beredskapen i ei uroleg tid. (https://www.fordefestival.no/).

Musikk fortel ikkje berre historier frå fortida, den formar framtida vår. Difor er det avgjerande at dei som skapar musikken får verna verka sine. Å ha ein gjennomtenkt IP-strategi handlar ikkje berre om å sikre økonomiske verdiar, men òg om å ta vare på kulturelle uttrykk, identitet og historia vår.

Advokatfirmaet Tollefsen tilbyr rådgiving innan immaterielle rettar og utvikling av overordna IP-strategiar. Enten du er ein ny artist, ein etablert festival eller ein aktør som ønsker å nytte musikk i di verksemd, hjelper vi deg å bygge eit solid grunnlag for vekst og kreativ fridom.

Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat om korleis vi kan hjelpe deg å sikre dine rettar. så ideane dine får den plassen og respekten dei fortener.

#WorldIPDay

 

Advokat og partnar Kristine Geirsdatter Celius har arbeidd som advokat i Advokatfirmaet Tollefsen sidan 2017.

1. juli 2023 gjekk ho inn som partnar og styremedlem i Advokatfirmaet Tollefsen.

Celius har brei kompetanse frå ulike juridiske fagfelt og arbeider med tvisteløysing på tvers av firmaet sine forretningsområder. Ho er leiar for faggruppe for forretning og bistår klientar med spørsmål innanfor kontrakts- og selskapsrett, immaterialrett, fast eigedom og tingsrett.

Celius er ein av to advokatar hos oss med forsikring som meklar, og bistår med alt frå salg av næringseigedom til rene eigedomsoppgjørsoppdrag for privatpersonar. Ho vert også janmleg oppnemnt som medhjelpar i tvangssalsaker for Sogn og Fjordane tingrett.

I tillegg til bakgrunn som dommarfullmektig i Sogn og Fjordane tingrett, var Kristine advokatfullmektig i tvisteavdelinga hjå Advokatfirmaet Thommessen i Oslo der ho var tilknytt immaterialretts-, media- og marknadsføringsgruppa. 

Kontakt:

Tlf.: 97 69 72 51
E-post: kristine@advokat-tollefsen.no

 
 
Neste
Neste

Våre opningstider påska 2025