Sture Husabø sitt legat deler ut 1 million kroner

Søknadsfrist 01.09.23

Søknad sender du til Advokatfirmaet Tollefsen - post@advokat-tollefsen.no

Styret i Stiftinga Sture Husabø sitt legat har bestemt at det skal delast ut samla kr 1 000 000 i 2023.

Stiftinga vart oppretta i 2017 til minne om Sture Husabø og hans foreldre, Ingvald Husabø, (f. 1896 - d.1963), og Fredrikke Tuxen Husabø, (f. 1895 - d. 1983), sysken Arne Husabø og Kitty Thomassen (f. Husabø).

Det vert delt ut midlar til allmennyttige føremål. Avkasting av fondet skal delast ut til lag og organisasjonar i Leikanger, Balestrand og Vik og støtte aktivitetar som er opne for ålmenta. Etter vedtektene kan det også delast ut midlar til enkeltpersonar og organisasjonar som har gjort noko godt for gamle, uføre eller sjuke, eller til personar som har utført ein heltedåd. Det skal ikkje delast ut midlar til politiske parti, politiske organisasjonar eller til politiske føremål.

Stiftinga delte ut kr 1 000 000 i 2020 til 30 ulike lag og organisasjonar. I 2021 vart det berre ei mindre utdeling på kr 20 000 til Røde Kors besøksteneste i Vik, Balestrand og Leikanger. I 2022 vart det ikkje delt ut midlar i påvente av utviklinga til stiftings­kapitalen, som opphaveleg var på 12,5 millionar kroner.

 

Styret i stiftinga er Jon Håkon Odd (Leikanger), Erland Fagermoen (Balestrand) og Bjørn Moheim (Vik).

Søknadane må ha opplysningar om:

 -          Lag/organisasjon

-          kontaktperson og kontaktinformasjon

-          kontonummer

-          føremålet det blir søkt om pengar til

-          siste års rekneskap for laget/organisasjonen

 

Søknad med vedlegg skal sendast elektronisk til post@advokat-tollefsen.no innan 01.09.23.

 

Forrige
Forrige

Ny advokatfullmektig - Stig Degvold-Jonstad

Neste
Neste

Sommar og ferietid - men vi har ope i heile sommar!