Ny leiar i faggruppe fast eigedom

Advokat Reidun Sæle Kongsvik er ny leiar for faggruppe fast eigedom.

Reidun Kongsvik har brei erfaring frå ulike juridiske fagfelt innan både offentleg og privat sektor. Reidun Sæle Kongsvik begynte i stilling som advokat hos Advokatfirmaet Tollefsen hausten 2022, og har vore fast medlem i faggruppe fast eigedom frå første dag.

Dette seier Reidun om arbeidet som leiar av faggruppe fast eigedom:

“Faggruppe for fast eigedom femner om eit bredt spekter av saker, mellom anna ekspropriasjon, jordskifte, plan- og bygningsrett, tomtefeste og reklamasjonssaker. Som faggruppeleiar vil eg få ansvar for å fordele innkomne saker, leie interne faggruppemøter og sørge for gjennomføring av marknadsføringstiltak og arrangement i regi av gruppa.

Eg ser på det som ein stor styrke at advokatane våre er organisert i faggrupper. Det gir oss moglegheit for å arbeide spesialisert og på den måten bygge opp god kompetanse innanfor dei ulike fagfelta. Samtidig er faggruppa ein viktig arena for kunnskapsdeling der vi også arbeider teambasert for å løyse våre oppdrag på best mogleg måte.

Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva som faggruppeleiar og ser fram til å arbeide saman med resten av teamet for å skape gode juridiske tenester for våre klientar.”


Vi er svært glad for at advokat Kongsvik har tatt på seg oppgåva med å leie faggruppe for fast eigedom, seier dagleg leiar Jorunn Skrede Klakegg. Faggruppe for fast eigedom er ei stor og viktig faggruppe i Advokatfirmaet Tollefsen som femner om eit bredt kompetanseområde. Eg føler meg trygg på at faggruppa har fått ein god leiar i advokat Reidun Sæle Kongsvik.


Har du spørsmål eller treng du juridisk bistand vedrørande eigedom?

Forrige
Forrige

Møt vår praksiselev - Rita Iren Hestad Braanaas

Neste
Neste

Korleis unngå konflikt med handverkaren