Ny dagleg leiar

Vi ynskjer Jorunn velkomen til oss !

Jorunn Skrede Klakegg er tilsett som ny dagleg leiar i Advokatfirmaet Tollefsen AS

Jorunn har mange fartsår i IT bransjen bak seg, og kjem frå stilling som markedsleiar i IT konsernet iteam AS.

Ho skal arbeide både ved kontoret vårt i Førde og i Sogndal.

Advokatbransjen er ny for Jorunn, men som ho seier til avisa Firda og Sogn Avis i intervju, at noko av kompetansen ho har med seg frå leiarstillingar i IT-bransjen kan ho omsette til ny bransje, medan andre ting må ho berre ta tida til hjelp å lære seg.

Motivasjonen for å søke og deretter takke ja til stillinga, seier Jorunn kjem av kjennskapen ho hadde til Advokatfirmaet Tollefsen som ein trygg og god aktør i næringslivet i Sogn og Fjordane.

Advokatfirmaet Tollefsen har eit mål om vekst, så noko av det første ny dagleg leiar må begynne med er rekruttering. Å bidra til selskapet sin vidare vekst og utvikling er noko Jorunn Skrede Klakegg ser mest fram til, når ho no tek til i ny stilling som dagleg leiar her hos oss.

Forrige
Forrige

Svindel: Mitt eller banken sitt problem?

Neste
Neste

Generasjonsskifte gir utfordringar