Ny advokat - Reidun Sæle Kongsvik

I oktober utvida vi Førde kontoret med ein ny advokat. Advokat Reidun Sæle Kongsvik kom frå stilling som politiadvokat i Vest politidistrikt. Kongsvik har ei brei erfaring frå ulike juridiske fagfelt innan både offentleg og privat sektor.

Advokat Kongsvik har tidlegare arbeid som advokat før ho tok til som dommarfullmektig i Sogn og Fjordane tingrett.

I offentleg sektor har ho arbeid som både først som rådgjevar og deretter som plan- og byggesakssjef i Austevoll kommune.

Reidun vil ha kontorstad i Førde, men vil arbeide med saker i heile regionen, saman med resten av Advokatfirmaet Tollefsen.

Med Reidun Sæle Kongsvik på laget har vi ytterligare styrka oss, samt auka kapasiteten til å kunne bistå både bedrifter og privatpersonar med ulike problemstillingar.

Vi tilbyr høg kompetanse lokalt!

Forrige
Forrige

Vi treng fleire advokatar

Neste
Neste

Eurojurs informerer: Mekling og konfliktløsning