Eurojuris og Advokatfirmaet Tollefsen inviterte 100 advokatar til samling på Skjolden.

Privat foto

Privat foto

Skjolden: – Det vart ei heilt magisk helg og inga formell evaluering trengst for å konstatera at dette vart tidenes beste Eurojuris-samling.

Orda kjem frå Katrine Gilleece i Eurojuris Norge AS. Til dagleg tilsett i Advokatfirmaet Svensson Nøkleby i Drammen.

– Alle dei personlege og nøye planlagde detaljane, kombinert med Noregs vakraste stad og nydeleg vêr gjorde til at alle var heilt bergtekne frå fyrste stund, summerer ho opp.

Planlegging

Advokatfirmaet Tollefsen konstaterer at sjølv advokatar kan verta mållause i glitrande kveldssol på Fuglesteg.

Det har ikkje stått på timar med planlegging for det lokale advokatkontoret, men no haustar dei store lovord frå dei 100 advokatane og følgjet som kom.

Dugnadsinnsats

Ein massiv dugnadsinnsats måtte til for å rigga mat og drikke for 100 personar på Fuglesteg.

Drikka vart floge opp med helikopter direkte frå nærbutikken i Fortun. Maten vart bore på plass av kokkane hjå ElleVilt, godt hjelpt av foreldra og svigermor til Anette Stegegjerdet Norberg.

– Dette var det beste matbordet som nokon gong er presentert på Fuglesteg. Folk kosa seg i graset og skrytte over mat og utsyn, seier Stein Bugge Næss, «husfar» og mangeårig formann i Luster turlag.

Deltakarane lytta nøye når han fekk ordet for å fortelja om historia til Fuglesteg og restaureringsarbeidet der. – Me skuldar ei stor takk til Luster turlag og dei ulike frivillige som gjennom helga hjelpte oss fram til eit vellukka arrangement, seier Jan Tollefsen.

Linda Goldmann og fleire frå Luster Røde Kors Hjelpekorps var i beredskap heile kvelden.

Konkurranseinstinkt

Frå botn og opp tevla deltakar-

ane mot kvarandre firmavis. Advokatfirmaet Hald frå Arendal vart fyrstemann til topps etter dei bestemde seg for å slå Dronning Sonja si gangtid og gav alt.

Anny Uglum Reppen, sekretær med 30 års fartstid i Advokatfirmaet Tollefsen, hadde bakt kransekake som saman med champagne skulle fungera som energibar ved inngangen til Fuglesteg. Derifrå var vegen kort til å ikle seg bunad og flagga deltakarane i mål.

Ekstra krefter

– Eg er ikkje sikker på kven av oss som føreslo dette bunadsstuntet. Men det vart ein viktig detalj som ikkje blir gløymt. Nokon fekk plutseleg krefter til ein siste spurt når dei såg oss heia og veiva med flagg på toppen, seier Anette Stegegjerdet Norberg.

Premiar til vinnarane i motbakkeløp og quiz var lokalmat, som også vart servert gjennom heile helga. Nokre av dei som ikkje vann, vart so ivrige etter å kjøpa at lokalprodusentane måtte møte opp att med varer dei kunne ta med seg heim søndag morgon.

Jan Tollefsen meiner dei lokale samarbeidspartane i Luster leverte varene helga gjennom.

– Nivået på reiselivsproduktet Skjolden Hotel er høgt. Arrangørane på sørsida presenterte i tillegg Urnes, Sørheim og Lustrafjorden på fantastisk vis. Saman med dei og føredragshaldarane Trine Hjellhaug Lerum og Sigrid Henjum har me fått vist fram kven me er og kva me er gode på i Sogn, seier han, og meiner dei lukkast gjennom å byggja nettverk på uformelt sognavis.

Gilleece i Eurojuris Norge AS seier dei no vil vektleggja meir fysisk aktivitet og personleg preg på nettverksmøta. Etter denne helga torer kanskje styret å satsa på Lofoten neste vår.

Publisert i Sogn Avis 05.06.2018 av Eli Grotle

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Jan Arild Rømmen: Alltid på bana

Neste
Neste

Vår trufaste sekretær har hatt 30-års jubileum