Cookies eller julekaker? Nye reglar for informasjonskapslar er allereie på plass

Jula er over, kakene er ete opp, og boksane med julekjeks er for mange rydda inn igjen. Men om du trudde at du også kunne gløyme cookies fram til neste jul, må vi diverre skuffe deg.  

Frå 1. januar 2025 har nemleg dei nye reglane for cookies - eller informasjonskapslar som vi kallar dei i Norge, tredd i kraft – og dei er noko heilt anna enn småkaker. Til dømes er passivt samtykke – som å late som brukaren er einig berre ved å besøke nettsida – ikkje lenger godt nok. No må alle som driv ei nettside sørge for at dei serverer sine cookies på lovleg vis. 

Den sokalla ekomlova skil mellom cookies (og tilsvarande teknologisk utstyr)  som er strengt naudsynte og alle andre cookies. Andre formål for cookies er typisk:  

  • Funksjonelle cookies  (gode funksjonar på nettsida som ikkje er naudsynte) 

  • Statistikk /analyse  

  • Personalisering (t.d. profilar) 

  • Analyse og marknadsføring   

Frå 1. januar 2025 krev ekomlova at det vert innhenta samtykke for ALLE cookies utenom dei som er strengt naudsynte. Samtykket skal dekke krava til samtykke etter GDPR artikkel 7.  

Kva betyr dette i praksis? 

Dei nye reglane krev at nettsideeigarar har full kontroll over kva cookies som blir brukte, kvifor dei er i bruk, og korleis ein får samtykke til dei. Nettsideeigarane må difor passe på følgjande:  

Samtykkeløysinga må vere på plass: Sørg for at brukarane kan avvise alle cookies unntatt dei strengt nødvendige. 

Gje tydeleg informasjon: Brukarane må vite kva cookiene dine gjer, kven som får dataen, og kva konsekvensane er. 

Enkel endring av samtykke: Brukarane må enkelt kunne endre eller trekke samtykket sitt, like lett som dei gav det. 

Samsvar med GDPR: For cookies som behandlar personopplysningar, må du sikre at samtykket møter krava i GDPR, eller at du har eit anna lovleg behandlingsgrunnlag, som «berettiget interesse». 

Tida for å ta grep 

Dersom nettsida di framleis nyttar gamle løysingar som baserer seg på passivt samtykke eller manglar eit klart oversyn over kva cookies som er i bruk, må du ta grep – og det raskt. Bruk gjerne dei første vekene av året til å syte føre at alt er på plass. 

Med rett tilnærming kan du sikre at brukarane dine har full tillit til både kakeboksen og nettsida di. 

Godt nytt år – og lykke til med cookiene! 

 

Advokat og partnar Kristine Celius har brei kompetanse frå ulike juridiske fagfelt og arbeider med tvisteløysing på tvers av firmaet sine forretningsområder. Ho er leiar for faggruppe for forretning og bistår klientar med spørsmål innanfor kontrakts- og selskapsrett, immaterialrett, fast eigedom og tingsrett.

Kontakt:

Tlf.: 97 69 72 51
E-post: kristine@advokat-tollefsen.no

 
Forrige
Forrige

Visste du at regjeringa har foreslått å fjerne bedriftsinterne aldersgrenser? 

Neste
Neste

Viktige lovendringer som trer i kraft 1. januar 2025