Grunnbok, tinglysning og dynamisk tingsrett

Grunnboka er eit sentralt register som inneheld opplysningar om rettar og plikter knytt til fast eigedom i Noreg. Ho vert administrert av Statens Kartverk og utgjer ein viktig del av eigedomssystemet i landet.  Grunnboka inneheld mellom anna informasjon om kven som eig ein eigedom, eventuelle hefter og servituttar som påverkar eigedomen, samt eventuelle tinglyste avtaler og rettar. Tinglysing i grunnboka er ein viktig del av eigedomsoverføringar og rettslege disposisjonar, og sikrar rettstryggleik og tryggheit for eigarar og rettshavarar. 

Dynamisk tingsrett refererer til reglane om kven som får rett til eigedom, lausøyre eller fordringar ved kollisjon mellom konkurrerande rettigheiter, og kallas også for tredjemannsvern. Dette handlar om korleis ein rettshavar kan verne om sine rettar i høve til tredjemenn som hevdar å ha motstridande rettar.  

Ein servitutt er ein rettighet som er knytt til ein eigedom, men som tillet at ein annan eigedomseigar (realservitutt) eller ein annan person (personleg servitutt) nyttar eller har visse rettar over denne eigedomen. Servituttar kan omfatte ei rekke ulike forhold, som retten til å krysse eller bruke ein del av ein annan eigedom til eit spesifikt formål, som for eksempel å kome til ein veg, bruke ein brønn eller kome til sjøen. Dei kan også regulere bruken av ein eigedom, for eksempel ved å fastsetje at ein del av ein eigedom ikkje kan byggjast på, eller at utsikt ikkje kan blokkerast. Servituttar blir normalt tinglyste i grunnboka og er bindande for både noverande og framtidige eigarar av eigedomane det gjeld. 

Våre tenester på dette området inkluderer: 

  • Rettleiing og bistand ved tinglysing av eigedomsovergangar, pantsetting, servituttar og andre rettslege disposisjonar. 

  • Gjennomgang og analyse av grunnboka og grunnbokshistorikk for å identifisere eksisterande rettar og plikter knytt til eigedommen. 

  • Utarbeiding av dokumentasjon til Statens Kartverk i samband med tinglysing av servituttar og hefter. 

  • Konfliktløysing og rettsleg bistand ved tvistar  

 
 
 

Våre eigedomsadvokatar