Innleige av arbeidskraft? Nye inngripande reglar frå og med 1. april 2023.

Innstrammingar

Stortinget vedtok den 20. desember 2022 innstrammingar i arbeidsmiljølova sine reglar om innleige frå bemanningsbyrå. Mogelegheita til innleige av arbeidskraft vert med dette kraftig stramma inn frå og med den 1. april 2023. T.d. er mogelegheita til å leige inn arbeidskraft «når arbeidet er av midlertidig karakter» oppheva. Vidare kan brot på innleigereglane medføre at arbeidstakars har rett til fast tilsetjing hjå innleiger eller erstatning.

 

Bakgrunn for nye reglar

Bakgrunnen for dei nye reglane er å styrke hovudregelen om at arbeidstakarar skal tilsetjast fast. Baksida er store utfordringar for bedrifter med behov for arbeidskraft på bakgrunn av sesongsvingingar og arbeidstoppar.

 

Vikariat

For mange arbeidsgjevarar medfører endringane i praktisk at det berre vil vere mogeleg å leige inn arbeidskraft ved vikariat for arbeidstakar ved sjukdom/permisjon/ferieavvikling. Grunnbemanninga må dermed i utgangspunktet aukast. Dette er endringar som påverkar mange arbeidsgivarar som jamleg leier inn arbeidskraft på bakgrunn av tidsavgrensa behov for arbeidskraft.

 

Kva skal ein gjere?

Både bemanningsføretak og bedrifter som leiger inn arbeidstakar, bør gå gjennom deira innleigestrategi, kartlegge om bedrifta vert ramma av innstrammingane, og sjå på alternativ for framtidig organisering av arbeidskraft.

 

Overgangsreglar

Det er lovfesta ein overgangsperiode på tre månader. Det betyr at dei nye reglane først får verknad frå 1. juli 2023 for avtalar som er inngått i forkant av 1. april 2023.

Det er viktig at bedriftene vurderer allereie inngåtte innleigeavtalar, og vurderer om desse fell innanfor unntaket om innleige av rådgjevings- og konsulenttenester, og dermed kan halde fram som før.

 

Oversikt over reglane i hovudtrekk:

Moglegheit til innleige frå bemanningsføretak ved arbeid av midlertidig karakter vert oppheva. Framover vil det difor ikkje vere mogleg å nytte seg av innleige for å avhjelpe arbeidstoppar eller sesongvariasjonar, eller til prosjektarbeid.

Det vil framleis vere mogleg å leige inn ved vikariat, ved praksisarbeid og etter avtale med tillitsvalde i verksemda som er bunde av tariffavtale med fagforeining med innstillingsrett. Innstramminga rokkar heller ikkje ved moglegheita til innleige innan organisert idrett og marknadstiltak i regi av NAV.

Det er også lov med innleige av:

  • Personar med spesialkompetanse som skal utføre rådgjevings- og konsulenttenester i klart avgrensa prosjekt. T.d. rådgjevarar innan revisjon, teknologi, IKT, HR, design, arkitektur og reklame. Slik innleige skal gjelde konkrete, midlertidige og klart avgrensa prosjekt, der arbeidet i art skil seg frå verksemda si ordinære drift.

  • Helsepersonell for å sikre forsvarleg drift av helse og omsorgstenester.

Rettane til den innleigde arbeidstakaren vert styrkja ved at den har rett til fast tilsetjing etter tre år, også ved innleige etter avtale med tillitsvalde.

Grensa mellom kva som vert sett på som innleige og kva som vert sett på som entreprise (byggje- eller anleggsoppdrag) vert lovfesta, og stramma inn. Endringane vil medføre at nokre fleire oppdragsavtalar om tenestekjøp vil bli klassifisert som innleige. Noko av formålet bak endringane er å hindre at innstrammingane i regelverket fører til omgåing i form av auka bruk av entreprise som i realiteten er innleige.

Det er innført totalforbod mot å leige inn frå bemanningsføretak til bygningsarbeid på byggjeplassar i Oslo, Viken og tidlegare Vestfold. Forbodet gjeld ein kvar arbeidsplass der det vert utført midlertidig eller skiftande bygningsarbeid av eit visst omgang, og gjeld all type arbeid om vert utført i tilknyting til byggjearbeid.

Innleige av arbeidskraft til jordbruksnæringa (medrekna avløysarar) er det varsla at det skal kome unntaksføresegner som skal utformast i samarbeid med dei aktuelle partane i arbeidslivet.

 
 

Treng du bistand eller ynskjer du rådgjeving i forbindelse med innleigd arbeidskraft?

Fyll ut kontaktskjema og vi tek kontakt med deg så snart vi kan:

Advokat

Silje Flugheim Heggestad

Advokat Heggestad arbeider i Advokatfirmaet Tollefsen AS. Heggestad er leiar for faggruppe for konkurs og er i tillegg tilknytt firmaet si faggruppe for forretning. Ho arbeider mykje med fagfelta arbeidsrett, eigedomsoppgjer og tvangssal