Arveoppgjer og digital arv

Den 1. januar 2021 trådde ny arvelov i kraft. Sjølv om vi ser ei stadig aukande digitalisering, det også digitale verdiar inngår som ein verdi i dødsbuet, seier den nye arvelova likevel lite om det som er knytt til ein person sitt digitale liv.

Det er for eksempel antatt at cirka 20 prosent av alle Bitcoin i verda no ligg på gløymde eller utilgjengelege harddiskar, anten fordi eigaren er død utan at arvingane er kjent med avdøde sin kryptokonto, eller passord, eller fordi eigaren sjølv har gløymt passordet til kryptolommeboka.

Avdøde kan ha kryptovaluta og andre digitale pengar, kryptokunst, dokument og bilete, og dessutan brukarkonti og rettar som arvingane ikkje veit eksisterer. Det kan også vere usikkert kva den avdøde ønska skulle skje med dei digitale eigendelane.

Tidlegare fann ein gjerne avdøde sine dokument og gamle fotoalbum i ei hylle eller ei bod, men i dag er som oftast dette gøymt i ei «sky» på nettet. Kvar skal arvingane leite?

Hjå fleire skylagringstenester kan arvingane få tilgang til alle filene som høyrde til avdøde, dersom dei legg fram dokumentasjon som gir dei eit naudsynt grunnlag for utlevering. Nettselskapa er svært opptekne av informasjonstryggleik. Det kan difor vere krevjande for arvingar å få tilgang til kontoane, og det kan ta lang tid.

Arvelova regulerer kven som er arvingar. Ved å opprette eit testament kan arvlatar, innanfor lova sine rammer, bestemme kven som skal arve han eller henne og på den måten fråvike arvelova sine reglar om arverekkja. Testamentet må vere skriftleg og vere underteikna av testator og to myndige, uavhengige vitne som verken direkte eller indirekte får nokon fordel av testamentet.

Eit testament kan registrerast og oppbevarast (deponerast) hjå domstolane som gir tryggleik for at arveoppgjeret skjer som bestemt. Domstolen som får inn dødsfallsmeldinga, kan då søkje opp i registeret over deponerte testament og hente det fram til bruk ved skiftet. Arvingane vil då få det tilsendt frå retten.

Det er endå slik at folk flest ikkje er medvitne på å ta med informasjon om digitale eigendelar i testamentet, dersom dei i det heile tatt skriv testament. I dag skriv berre om lag 10 prosent av nordmenn testament. Det faktum at vi stadig opparbeider oss større digitale verdiar og eigendelar, bør gjere at fleire av oss opprettar testament. Når så mange eig kryptovaluta og har «eigendelar» i nettsky, bør testament også vere aktuelt for alle uavhengig av alder.

Den som skriv testament bør vurdere om det skal takast med eit eige punkt om digitale eigendelar og informasjon om dette. Ein må vere varsam med å gje frå seg passord mens ein framleis er i live, men det bør vurderast om ein nærståande kan få tilgang til å innhente all nødvendig påloggingsinformasjon etter at ein er død. I nokre tilfelle vil nettselskap akseptere ein skifteattest, men dette feltet er under utvikling og selskapa har ulike krav og praksis.

I testamentet bør det oppgjevast kva kontoar, tilgangar, bilete og viktige dokument ein har- kva som skal oppbevarast når man dør- kva som eventuelt skal slettast- og kven som skal ha tilgang til for eksempel bilete. Dette vil gjere det enklare å nå fram i leitinga etter verdiar og eigendelar på nett.

Dersom ein ikkje ønskjer å opprette testament, vil vi tilrå at ein likevel deler naudsynt informasjon med ein nærståande, slik at verdiane kan bli realisert i samsvar med arvelova sine reglar etter at ein er gått bort.

I dag er det krav om at testament er fysiske signerte dokument, men det er ikkje utenkjeleg at vi i framtida vil kunne lage digitale testament.

Om forfattaren

Adv. Arvid Vamråk Mellingen er partner i Advokatfirmaet Tollefsen og er regelmessig bustyrar i dødsbu og arbeider med arverett. Han arbeider elles med fast eigedoms rettsforhold, ekspropriasjon- og skjønn, jordskiftesaker og tvisteløysing for domstolane..