Arbeid og fri i jula – dette er rettane dine

Årets juleferie kan bli kort dersom du ikkje har planlagt i god tid. I år fell nemleg ingen av heilagdagane i jula på vanlege kvardagar, og dei fleste må nytte seg av oppsparte feriedagar for å få julefri.

Det er lovbestemt at 1. juledag, 2. juledag og 1. nyttårsdag er offentlege heilagdagar, og at arbeidstakarar som utgangspunkt skal ha fri desse dagane. Men i år fell alle desse tre dagane på helgedagar, og både julaftan og nyttårsaftan er fredagar. Lille julaftan er ikkje offentleg heilagdag, og reknast som ein vanleg arbeidsdag.

For julaftan og nyttårsaftan praktiserer mange arbeidsplassar halv arbeidsdag, men dette er ikkje lovfesta rettar. I arbeidsmiljølova er det bestemt at det skal vere arbeidsfri frå kl. 15:00 på julaftan, medan det ikkje er nokon særregel for nyttårsaftan. Ein rett på arbeidsfri frå kl. 12:00 desse dagane må difor som hovudregel vere basert på fast praksis på arbeidsplassen, eventuelt på rettar i tariffavtale.

For fleire av oss vil altså årets romjulsveke bestå av fem vanlege arbeidsdagar. Dersom ein har vore merksam på dette på førehand, og har spart opp feriedagar, kan desse sjølvsagt avviklast i jula etter samtykke frå arbeidsgjevar. Men dersom feriedagane gjekk med då skuleferie-kabalen skulle gå opp i sommar, vil ein vere avhengig av godvilje frå arbeidsgjevar for å få tid til å kople av litt ekstra. Eit siste alternativ kan vere å ta nokre ulønt fridagar.

For enkelte er likevel lang ferie og mange fridagar i jula sjeldan kost. Arbeidstakarar som jobbar i bransjar der det er nødvendig å oppretthalde ei viss fast bemanning gjennom heile året, typisk innan helsesektoren, må gjerne vere førebudd på å jobbe også nokre av heilagdagane i jula. Men dersom ein først jobbar på ein heilagdag, skal ein som hovudregel ha arbeidsfri neste heilagdag. Dette kan fråvikast til dømes dersom det blir laga ein eigen turnus for høgtida, men då er hovudregelen at minimum halvparten av heilagdagane i turnusperioden skal vere arbeidsfri. Ein slik turnus kan vere eit godt verkemiddel for at arbeidstakaren skal få ein samanhengande friperiode i løpet av høgtida.

Ved arbeid på heilagdagar er det vanleg at arbeidstakar får ekstra betalt. Det vil variere kor store tillegg det er snakk om, og retten til tillegg må vere avtalt i arbeidsavtalen eller følgje av rettar i tariffavtale. Arbeidsmiljølova har ingen særskilde reglar om løn eller anna godtgjering på heilagdagar.

Også sjølv om ein har planlagt, spart opp feriedagar og førebudd seg på ei jul med fri og låge skuldrer, kan det skje uventa ting som tvingar ein til å endre på planane. Dersom ein kollega blir sjuk, og arbeidsgjevar har eit behov for arbeidskraft, kan ein bli kalla inn for å jobbe. Arbeidsgjevar vil nok i første rekke avklare om nokon frivillig ynskjer å ta på seg å arbeide den aktuelle dagen eller den aktuelle vakta. Skulle ingen melde seg frivillig, har arbeidsgjevar i kraft av sitt ansvar for å leie og organisere arbeidet, moglegheit til å påleggje arbeidstakarar å stille på jobb dersom det er behov for det.

Det er i enkelte tilfelle mogleg å reservere seg mot å bli kalla inn til arbeid utover avtalt arbeidstid, men det krevjast i så tilfelle gode grunnar for dette. Det må som hovudregel vere tale om helsemessige grunnar, eller andre særlege sosiale grunnar, og det er opp til arbeidsgjevar å gjere ei vurdering i kvart enkelt tilfelle.

Skulle arbeidstakar derimot tilhøyre ein annan religion enn kristendommen, slik at jula ikkje er årets høgdepunkt, opnar arbeidsmiljølova for fleksible ordningar som kan kome både arbeidstakar og arbeidsgjevar til gode. Det kan skriftleg avtalast at arbeidstakar jobbar på lovbestemte offentlege heilagdagar mot at det blir gjeve tilsvarande fri på dagar som etter arbeidstakaren si religion er heilagdagar eller høgtidsdagar.

Advokat Hanne Katrine Mundal arbeider i Advokatfirmaet Tollefsen AS med arbeidsrett, konkurs, kontrakt og forretning.